• Det er heilt urimeleg å kritisera meg for å hala ut handsaminga av Hardangerbrua. Brua har aldri vore nærare realisering, seier samferdsleminister Torild Skogholm til Bergens Tidende.

Skogsholm siktar til fråsegn frå Hordaland fylkesting og til oppslag i BT om dei tidlegare fylkesordførarane, Gisle Handeland, Ap, og Magnar Lussand, Sp. På fylkestinget i førre veka brukte dei to harde ord om samferdsledepartementet etter det vart klårt at Hardangerbrua ikkje ville verta handsama av Stortinget før etter valet i haust.

Gjennom utsegner frå departementet, frå partiet Venstre (samferdsleministerens parti) og frå samferdslepolitikarar på Stortinget har det i vinter og i vår vorte skapt eit inntrykk av at Hardangerbrua ville verta handsama i Stortinget før sommarferien.

Luktar valkamp

Så kom det for ein dag at brua fyrst må gjennom ein ekstern kvalitetskontroll. Fristen for levering av rapporten er 1. august. Då er det hardkøyr med valkamp til midt i september. Om departementet skulle levera Hardangerbru-saka til Stortinget i denne perioden, er det likevel så godt som utenkjeleg at det avgåande Stortinget vil ta seg tid. Saka går altså vidare til det nye Stortinget.

— Men det er Stortinget sjølv som har bestemt at saker som dette skal kvalitetskontrollerast. Og dette veit folk som Gisle Handeland og Magnar Lussand. Difor luktar det valkamp lang veg av reaksjonen deira i fylkestinget, seier Torild Skogsholm, som representerer Venstre.

Aldri vore nærare

— Det var og sterke reaksjonar på omfanget av tema som skulle utgreiast i samband med kvalitetskontrollen. Det gjekk langt ut over byggjekostnad og trafikkprognosar. Meiner ikkje du og det?

— Nei. Eg har opplevd kryssforhøyr på Stortinget i liknande saker, der dei har kravd å få eit mykje betre vedtaksgrunnlag enn berre kostnadstal.

— Fylkestinget burde tvert om vera svært nøgd med kort fort vi har handsama Hardangerbrua. Saka var ikkje før komen til departementet, før vi lyste ut anbodet på kvalitetskontrollen. Hardangerbrua har aldri vore nærare realisering enn ho er no, seier samferdsleminister Torild Skogsholm.