JOHN LINDEBOTTEN

Det er stortingsrepresentant Ingebrigt Sørfonn, KrF, som spør, og han vil ha statsråden si meining om tre tilhøve:

  • Kapasitet, storleik og fart.
  • Tryggleik.
  • Opne løysingar.

Sørfonn henger seg dermed på Samarbeidsrådet for Sunnhordland, som har bede statsråden om eit møte for å drøfta same saka med henne.

— Ei stor og overbygt ferje. To mindre med ope bildekk. Er dette godt nok gjennomtenkt for trafikk over Bjørnefjorden og Selbjørnsfjorden?

— Kostnader! Det er så dyrt å driva ferjesambanda våre i dag, og denne ferjeløysinga til Fjord 1 var ei vesentleg årsak til den store skilnaden mellom dei og HSD i konkurransen om konsesjonen, svarar vegdirektør Olav Søfteland.

— Men vi meiner at Fjord 1 har presentert eit forsvarleg ferjeopplegg, legg vegdirektøren til.

— Eg vil stilla skriftlege spørsmål til statsråden om dette. Om det vert spørsmål som krev skriftleg svar, eller om det vert eit spørjetimespørsmål, har eg ikkje avgjort enno, seier Sørfonn til Bergens Tidende.

— Eg skjønar godt skepsisen som er framkomen om dei to minste ferjene som Fjord 1 vil setja inn på Halhjem-Sandvikvåg. Dette er opne ferjer, og ein kan trygt stilla spørsmålet om det er godt nok over Selbjørnsfjorden når det stormar på. Vi må rekna med skikkeleg saltsprøyt inn over bilane, og dette er eit poeng eg vil ta med i spørsmåla til statsråden, seier Ingebrigt Sørfonn.