Den kraftige nedgangen i byggjemarknaden har gjort at botn har falle ut av marknaden for skurtømmer av gran.

Verken Granvin Bruk eller Sunnfjord Sag i Bygstad vil ta imot gran i vinter, melder avisa Firda.

I Sogn og Fjordane har skogeigarlaget gått til det uvanlege steget å gje medlemene beskjed om at dei ikkje skal hogge.

Disponent Atle Gimmestad seier han aldri tidlegare har opplevd at skogbruket står framfor ein vinter utan leveransar av gran. Han trur finanskrisa kan skape vanskar for hogstentreprenørane som siste åra har teke over stadig meir av skogsarbeidet.