Først blei Skogbu på Moster i Bømlo kommune eit økonomisk mareritt for både grunnleggjaren og for Blindeforbundet som kjøpte området for rekreasjon og kursverksemd. No tærer det slitne anlegget alvorleg på likviditeten og entusiasmen til Frode Urangsæter (30) og Franc Ole Olsen (49) i Røyksundkanalen AS, som leiger deler av Skogbu av den noverande eigaren, Lars Ove Risa (56) frå Bergen.

I går møttest Risa (Skogbu Eiendom AS) og Røyksundkanalen AS i Sunnhordland tingrett. Leigetakarane krev kraftige avslag i leiga, då dei meiner at Risa overlet dei eit skite og nedslite anlegg. Dei meiner dessutan at Lars Ove Risa har triksa med omsetnadstal og har late vera å etterkoma munnlege lovnader.

Urangsæter og Olsen krev over ein halv million kroner i erstatning og sterkt nedsett husleige. Risa sin prosessfullmektig, advokat Georg Wilson karakteriserte på si side dei to bømlingane som «usedvanlig lite profesjonelle» ved å gå inn i ein så omfattande leigekontrakt på Skogbu.

Røyksundkanalen AS meiner at leigeobjektet trong ei nedvasking til 180.000 kroner, og at utleigar er ansvarleg for tapt omsetnad ved at badanlegg og småbåtanlegg lange tider ikkje kunne haldast opne grunna manglar.

Advokat Wilson svara at leigetakarane burde gitt beskjed straks om dei oppdaga mangla ved anlegget, og ikkje venta i 17 månader før dei kom med innvendingar.

— Det blei ikkje framført reklamasjonar for utleigaren til rett tid, sa Wilson. Og la til at det var påfallande at krav om motrekning og avslag kom på bordet først to veker før første leigeforfall.

Ifølgje advokat Georg Wilson har Lars Ove Risa vist vilje til å vera imøtekomande, blant anna ved å slå av 300.000 kroner på husleiga for dei første 17 månadane.

To gonger kravde utleigar Røyksundkanalen AS konkurs. Siste gong blei kravet trekt då leigetakaren i vår leverte stevning mot utleigar. Første dag i retten sa Røyksundkanalen AS sin prosessfullmektig, advokat Olav Munkejord at Lars Ove Risa hadde førespegla leigetakarane fleire båtturistar ved å instruera tilsette om å slå inn all slags varer som leige av båtplass. Dette avviste motparten.

Risa sin advokat avviste også at leigetakarane var førespegla også å overta hotelldelen, som no blir leigt ut til asylmottak i regi av Bergen Innkvartering. Tillegg tilbakeviste han eit krav om over 40.000 kroner i erstatning for gartnararbeid og 121.000 kroner i tapt restaurantomsetnad etter ein røyrlekkasje i kjøkenet like etter overtaking.