Nokre av innsjøane ligg svært nær kanten av breen, og utgjer ein naturfare når breen blir mindre. Den største og djupaste innsjøen ligg rett ovanfor Mågejuvet og heilt inn til toppen av Nordfonna.

I Sørfjorden er ein vande med å kasta blikk oppetter liene for å speida etter dyr, skred eller for å sjå etter vårteikn. Så også på Måge ved Sørfjorden i Hardanger. Der er det i tillegg knytt spenning til på kva side av Såta elva renn ut av Folgefonna kvar vår.

I generasjonar har ein vore merksam på dette spesielle fenomenet utan å kjenne løyndomen til elva.

Kortvarige flaumar

Elva renn ut av ein av dei største for­djupingane under Nordfonna — ei for­djuping som i tider der breen er mindre, er fylt med vatn. Den kan vere med å forklare korleis jordsmonnet i dei grøderike frukthagane på Måge har blitt til: Men den har nok også vore til uro for folket på Måge.

I tider når breen har vorte mindre, har denne fordjupinga, som i dag er fylt med is, blitt til eit 70 meter djupt vatn.

Ein bratt iskant har ført til isras og kalving. Vatnet har skvulpa over kanten og sendt kortvarige flaumar ut i Mågegjelet og ned mot fjorden over Måge.

Prestegjelda under breen

Hardangers kvite jomfru, Folgefonna, har til alle tider vore gjenstand for spekulasjonar og mytiske forteljingar. Historiane er mange, som til dømes om dei sju prestegjelda som visseleg skal liggja under breen, men som snødde ned som ei straff frå høgare makter.

I vår tid med framgang i naturvitskapane, tek me steg for steg mot meir kunnskap om den løyndomsfulle dama.

Det siste nye er detaljerte radarundersøkingar av landskapet under breen, som har gitt detaljar om Folgefonna si naturhistorie.

Kva ligg løynd i isen under den kvite snøen?

Oppsiktsvekkjande resultat

I samband med kraftutbygginga på 1960- og 70-talet vart det gjort undersøkingar av kor tjukk isen var utvalde stader på Sørfonna. Vi ønskte meir kunnskap om korleis smeltevatn rant ut frå breen, og saman med NVE vart ein masterstudent sett på prosjektet..

Målingane synte at topografien er svært ujamn og at det kunne skjule seg store dalsystem og innsjøar under Folgefonna.

Fjellgrunnen under Nordfonna er svært ujamn, og breen ligg slett ikkje på eit flatt høgfjellsplatå slik ein gjerne skulle tru når ein ser på topografien kring.

Frå Juklavatnet går det eit stort dalføre heilt nord til Jukladalen, eit dalføre som drenerer mesteparten av isen på heile Nordfonna.

Arbeidet synte også at brefall som Botna­breen og Dettebra har svært små dreneringsfelt, noko som gjer dei sårbare for klimaendringar.

Vidare fann ein mange overfordjupingar som er danna av bre-erosjon.

Ein naturfare

For å danne seg eit bilete av korleis dette vil sjå ut når breen er vekke, vart alle overfordjupingane fylt med vatn opp til terskelnivåa. Då dukka det opp eit trettitals større og mindre innsjøar.

Nokre av desse ligg svært nær kanten av breen, og kan såleis utgjere ein naturfare når breen blir mindre. Den største og djupaste innsjøen ligg rett ovanfor Mågejuvet og heilt inn til toppen av Nordfonna. Under toppen av breen er det ein fjellrygg som lager ein bratt bakkant for innsjøen. Når breen vert mindre, vil denne overfordjupinga verte fylt med vatn og det vert danna ein innsjø som breen vil stå og kalve ut i.

Dette vil kunne utgjere naturfare i framtida då kalving kan føre til flodbølgjer som slår over terskelen og gjev kortvarige flaumar ned i Mågejuvet. Dersom dette skjer til dømes om våren medan det ligg mykje snø i fjellsidene kan skred av ulike typar verte utløyste.

Koplinga mellom innsjøen og den store vifteforma lausmasseavsetninga på Måge er uklar, men det er grunn til å tru at dei store skredavsetningane på Måge kan koplast til periodar når breen har vore mindre.

Undersøkjer meir på Måge

Det har gått skred og flaumar ned i juvet og avsett lausmassane som utgjer det vifteforma landskapet på Måge. Denne prosessen er i dag ikkje aktiv og området vert nytta til fruktdyrking.

Neste steg for å finne ut meir om koplinga mellom breen og landskapet på Måge er allereie i gang. Eit nytt masterprosjekt skal kartleggje og freiste datere avsetjingane i vifta med ulike metodar. Universitetet i Bergen sitt forskingsskip «G.O. Sars» har også vore på tokt til Måge denne vinteren for å undersøkje og ta prøver av den delen av vifta som går ut i Sørfjorden.

Såleis vonar ein å betre forstå koplingane mellom prosessane i høgfjellet og under Folgefonna, med avsetjingane frå breen og skredfaren langs Sørfjorden.