I første halvår vart formuar og inntekter på til saman 203 millionar kroner etterlikna av Skatt Vest, fordelt på 14 skatteamnesti-saker. Det meste er formuar som har vore gøymt på bankkontoar eller som verdipapir i utanlandske skatteparadis.

Ved å melde seg og gjere opp skatterekninga, unngår syndarane både straffeskatt og i verste fall rettssak og fengselsstraff.

— Dei gamle skatteparadisa Sveits og Luxembourg går igjen. Det er stort sett snakk om «gamle pengar», seier underdirektør Anna Kirkeluten i kontroll- og rettsavdelinga i Skatt vest.

Internasjonalt samarbeid

Dei som melder seg, må betale ordinær skatt både på formue og inntekter, og får likninga justert i inntil ti år attende i tid. Men gjennom skatteamnestiet unngår dei å måtte betale inntil 60 prosent i straffeskatt, slik dei risikerer dersom dei blir avslørt av Skatteetaten. Skattesnyteri i stor skala blir i regelen dessutan meldt til politiet, og kan ende med rettssak og fengselsdom.

Skatt vest trur redsel for å bli tatt er ein viktig faktor når formuande vestlendingar melder seg.

— Noreg har inngått fleire og fleire skatteavtaler med andre land. Desse gjer det enklare for oss å få ut informasjon enn det var før. Dermed blir også faren for å bli tatt større, seier Kirkeluten.

Fleire mindre formuar

Av den skattlagte totalsummen på 203 millionar kroner på Vestlandet så langt i år, var 186,5 millionar kroner formuar. Resten var inntekter, det meste i form av renter og avkasting på skjulte verdipapir.

Målt i kroner var fjoråret betre for Skatt Vest: I 2013 var formuar for 749,5 millionar kroner etterlikna på Vestlandet. To store, hemmelege reiarformuar på 170 og 130 millionar kroner drog opp totalsummen kraftig.

— Vi har ikkje hatt like store enkeltsaker så langt i år. Men fleire melder seg: I første halvår har 18 personar kome til oss. På same tid i fjor var talet det halve, seier Kirkeluten.

Arveoppgjer og dårleg samvit

Dei angrande syndarane melder seg som regel via advokatar.

— Det kan vere nært føreståande arveoppgjer som gjer at folk ønskjer å rydde opp. Vi har også tilfelle der arvingar etter eit dødsfall har oppdaga verdiar i utlandet. Og så har vi folk som rett og slett har dårleg samvit, eller som er redde for å bli oppdaga, seier Kirkeluten.

Det finst ingen sikre tal på kor store summar som blir lurt unna skattlegging i Noreg, men dei fleste anslaga seier det er snakk om fleire titals milliardar kroner kvart år. Skatt vest er sikre på at det finst fleire også her som framleis har gøymt vekk store summar.

— Det vil vere naivt å tru at potensialet i skatteamnestiet er uttømt, seier Kirkeluten.