ARNE HOFSETH

Bilistane måtte gje seg god tid medan aksjonen pågjekk. Det er ei utfordring å krongla seg forbi Børveneset til vanleg, og mange hakk verre når heile grenda dreg gulgrøne refleksvestar over hovudet og okkuperer minst halve vegbreidda.

— Vi gir oss ikkje før vi blir høyrde, seier leiaren i Børvenes Vel, Anne Luth-Hanssen Oma, til Bergens Tidende.

Grendafolket avviser alle framlegg om å baka prosjektet inn i ein større «pakke» med bompengestasjon på Trengereid.

— Det kan ta minst 15 år. Dei ungane som vi vil verna, vil vera vaksne når vegen er ferdig. Om dei overlever så lenge, seier Oma.

Ho hevar at kravet om utbeting av riksveg 7 på denne strekka er 50 år gamalt. Sist det nesten skjedde noko, vart 20 øyremerkte millionar flytta til Åkrafjorden fordi det ikkje var ferdige planar i Kvam.

— No er planane for lengst klare. Det er berre å finna pengane og setta i gang, seier Oma.

— Er all strid om tunnel kontra sykkelveg rydda unna?

— Ja, det må han så avgjort vera. Enkelte har nok problem med å bøya seg for fleirtalet, men i denne saka har fleirtalet bestemt seg for tunnel. Alle andre planar er forelda. Dei stettar ikkje dagens krav til avkøyrsler og vegstandard, seier vellagsleiaren.

Kravet er at ein ny parsell på nær 1400 meter, det meste i tunnel, skal erstatta riksveg 7 rundt Børveneset. Noverande riksveg vert dermed lokalveg for dei som bur i grenda. Kostnaden er rekna til 77 millionar kroner.

Vellaget stiller seg positivt til bompengeordning, gjerne med ein bom som i framtida også skaffar pengar til dei andre prosjekta i «Kvammapakken». Men bommen må opp, og arbeidet settast i gang no, ikkje venta på pakkeløysinga.

— Dette er ikkje den dårlegaste vegstrekninga i Kvam, men det høge trafikktalet gjer den til mest trafikkfårleg. Difor står prosjektet høgst i prioritet på trafikksikring, seier ordførar Astrid Kristin Selsvold til Bergens Tidende.

Ho arbeider målmedvete for Kvammapakken som inneheld ei rekke vegkrav i kommunen. Prislappen er på over ein halv milliard kroner. I finansieringa inngår ein bomstasjon ved kommunegrensa på Kvamskogen, mellom skisenteret i Eikedalen (i Samnanger) og skisentra oppe på sjølve Kvamskogen.

Men ordføraren er også open for samarbeid med nabokommunane Samnanger og Fusa om ein enda større pakke, med bomstasjon på Trengereid.

Anne Luth-Hansen Oma er ikkje flau for å la hyttefolket på Kvamskogen vera med på å betala for vegen langs Hardangerfjorden.

— Vi har i årevis måtta betala for å koma inn i Bergen, så kvifor skal ikkje bergensarane betala å koma inn i Kvam? spør ho.

AKSJON: Bygdefolket aksjonerte for tunnel forbi Børveneset, og Anne Luth-Hanssen Oma (t.v.) åtvara ordførar Astrid Kristin Selsvold mot å la «Kvammapakken» utsetja prosjektet.<br/>Foto: ARNE HOFSETH