Lagmannsretten trudde ikkje mannens påstand om at han hadde tenkt å avbryte arbeidsdagen og sjukmelde seg da han vart tatt heime med 1,39 i promille.

Det var etter at ferja hadde lagt til kai i Vik om formiddagen 17. juli i fjor at mannen skal ha fått så sterke ryggsmerter at han forlét fartøyet ved kai og gjekk heim. Der drakk han fem boksar pils, og var etter eiga forklaring i ferd med å oppsøke lege då politiet kom. Han har forklart at han slett ikkje hadde tenkt å gå tilbake på jobb for å ta båten vidare etter ruta same ettermiddag.

Heller ikkje lagmannsretten har lagt vekt på dette, og meiner han har brote regelen som pålegg skipsmannskap å ikkje drikke alkohol innan åtte timar før arbeidstida startar. Lagmannsretten har dermed skjerpa straffa frå Ytre Sogn Tingrett, der 42-åringen fekk 18 dagars fengsel.

Saka vart meld til Fylkesbaatane av mannskapet. Reiarlaget kontakta politiet, som tok blodprøva av mannen halvannan time før «Sylvarnes» etter normal rute skulle ha gått vidare frå Vik i Sogn med 42-åringen til rors.