Det går fram av budsjettet som Jon Bolstad, direktør for helseføretaket i Sogn og Fjordane, presenterte i går ettermiddag.

— Ein avventar lokalsjukehusutgreiinga og handsaminga av denne, før nye forslag eventuelt blir lagt fram for lokalsjukehusfunksjonane, heiter det i budsjettframlegget.

Fødestove i Lærdal

Av framlegget går det også fram at Bolstad har teke omsyn til signal frå Helse- og omsorgsdepartementet om å skjerme fødetilboda i Lærdal og på Eid. Likevel signaliserer Bolstad at han meiner styret i Helse Førde bør søkje om å gjere den forsterka fødestova i Lærdal om til ei ordinær fødestove. Ifølgje tilrådinga skal dei tillitsvalde i Lærdal vere samde i dette.

Ifølgje Bolstad vil reduksjon til ei vanleg fødestove, kunne opne for å tilsetje anestesilege ved sjukehuset, noko som vil styrkje det akuttmedisinske tilbodet til heile befolkninga i Indre Sogn. Han peikar også på at det bør arbeidast vidare med å tilby kommunane i Indre Sogn jordmortenester, og etablere gynekologisk poliklinikktilbod i samarbeid med sentralsjukehuset i Førde.

Dialyse på lokalsjukehusa

Helse Førde satsar på utbygging av dialysebehandling ved lokalsjukehusa i Lærdal og på Nordfjordeid i 2007. Tidlegare har berre Førde og Eid hatt dette tilbodet.

Pasientane som treng dialyse, må i regelen ha behandlinga tre eller fire gonger i veka. For mange pasientar i utkantane av fylket har det vore ei stor påkjenning å reise like til Førde fleire gonger i veka.

Laser i Lærdal

Mellom tiltaka Helse Førde presentere i går var også at sjukehuset i Lærdal skal få laser til å operere urologiske pasientar. Alle operasjonar i fylket som kan gjerast med laser, mellom dei inngrep om godarta prostataproblem, skal skje ved sjukehuset i Sogn. Laseren skal vere på plass alt om 14 dagar.

I går kom det også fram at ein ny magnetomograf skal vere i drift på Nordfjordeid frå mars. Det skal dessutan byggjast rusinstitusjon same stad. I tillegg vil Helse Førde også styrke tilbodet overfor pasientar med alderssjukdomar.

Helse Førdedirektøren legg fram eit budsjett i balanse, men understrekar at det knyter seg stor uvisse til fleire av tiltaka som skal gje innsparingar. Styret skal ha saka føre 12. januar.