Jurist i Askøy kommune, Erik Mjøs, seier til Kystradioen at reaksjonane kan enda med alt frå advarsel til avslag på skjenkesøknaden neste år.

Rapportane frå to skjenkekontrollar første og andre august syner at det er servert alkohol til ein rusa person i tillegg til at vedkomande ikkje blei avvist frå området av vaktene.

Under begge kontrollane mangla det også tilbod om alkoholfri drikke. Mjøs reknar forholda som er avdekka som alvorlege brot på alkohollova. Han meiner det er synd at det skal skje slike ting på eit arrangement som er positivt for Askøy.

Festivalsjef Lilliane Hantveit ønskjer ikkje å kommentera rapportane før ho lese gjennom dei.