Framlegget i handlingsplanen om å avslutta skjenkinga ein time tidlegare på natta fekk berre 16 røyster av dei 43 i Voss kommunestyre i ettermiddag.

Trass i klart råd frå politiet, bestemte fleirtalet at skjenkeslutt skal vera klokka 02.30 som i dag.

Eit framlegg å forby ølsal i butikkane før klokka 08.30 vart avvist mot fire røyster frå SV og Raudt.

Leif Hjeltnes, Frp, meinte framlegget må ha kome inn ved ein lapsus.

– Elles er det rein mobbing av dei fåe butikkeigarane som har ork til å opna klokka 08.00, hevda han.

Når butikkane gjer morgonfuglane i samfunnet den tenesta å opna tidleg, bør ikkje deira første gjeremål kvar morgon vera å syta for ein halvtimes tildekking av ølstablane, meinte Hjeltnes.