Onsdag kveld blei den 40 år gamle Høyanger-kvinna, som altså eigentleg ikkje hadde tenkt å tippe i det heile då ho stakk innom Narvesen, mangemillionær.

— Dette er heilt suverent. Men eg er framleis grådig skjelven, kunne kvinna fortelje då Bergens Tidende møtte ho utanfor bustadhuset i Høyanger sentrum i går ettermiddag.

Ho ønskjer ikkje å stå fram med namn og bilde i avisene, i alle fall ikkje enno.

— Nei, vi skal leve som vanleg etter dette også. Men heilt vanleg blir det vel kanskje ikkje.

Visste det ikkje

Då Bergens Tidende fekk ein prat med kvinna som stakk av med den eine av to førstepremiar i Viking Lotto onsdag kveld, hadde det berre gått nokre timar sidan ho fekk høyre om kjempegevinsten. For 40-åringen tenkte ikkje på å sjekke kupongen med dei seks tala onsdag kveld. Ho levde fullstendig uvitande om at ho hadde blitt mangemillionær, like til Norsk Tipping fekk kontakt torsdag føremiddag.

Men då fekk ho også hakeslepp. Informasjonsdirektør Tore Tangen i tippeselskapet måtte gjenta fleire gonger kor mykje pengar det var snakk om, før det gjekk opp for henne.

— Eg trur eg svimar av, var noko av det første ho sa.

Ikkje tenkt å spele

Dagen i går blei av forståelege grunnar heilt annleis enn ho hadde tenkt på førehand. Telefonen ringde i eitt bankande køyr, etter at ryktet om den store lottopremien tok til å spreie seg i lokalsamfunnet.

— Eg har hatt ein heilt suveren dag. Men på same tid er det også forferdeleg rart, fortel trebarnsmora.

Vinnarkupongen kjøpte ho på Narvesen Høyanger tysdag hos ekspeditør Edel Holen.

— Ho hadde eigentleg ikkje tenkt å kjøpe Viking Lotto. Eg måtte nesten presse kupongane på ho, smiler Edel som kjenner den nye Lotto-millionæren godt.

— Du burde jo eigentleg hatt litt prosentar du då, sidan du lokka henne til det?

— Ja, eg har sagt til ho at vi må dele 50-50, elles så hevar eg kjøpet, storler Edel, som ikkje legg skjul på at det er stas å ha selt ein av Norges største tippepremiar.

Gjelda skal vekk

Ein ting er i alle fall bestemt, gjelda skal vekk. Men bortsett frå det har ikkje Høyanger-kvinna med tre ungar og ektemann tenkt så mykje på kva ho skal bruke alle millionane til.

— Eg har eigentleg nok med å prøve å forstå kva som har skjedd.

40-åringen har takka ja til tilbodet om økonomisk rådgjeving som Norsk Tipping gjev alle som vinn meir enn 1,5 millionar på deira pengespel. Også besøk med millionærkake hos Norsk Tipping har ho sagt ja til.

Den andre førstepremien i onsdagens Viking Lotto gjekk til ein spelar i Finland.

SELDE DET STORE LODDET: Edel Hole på Narvesen i Høyanger lokka den 40 år gamle kjenningen til å kjøpe Viking Lotto tysdag. Dagen etter gjekk kupongen inn med seks rette tal og førstepremie på 11,5 millionar. (Foto: Oddleiv Apneseth)
Oddleiv Apneseth