EVA RØYRANE

For fire år sidan var det basar på Senterpartiet sitt nominasjonsmøte. Veteranen Magnar Lussand tapte for nykomaren Skjælaaen under den avgjerande loddtrekninga.

I dag stod Lussand, som leiar i nominasjonskomiteen, på talarstolen og gjorde framlegg om attval av presten. Skjælaaen fekk gratulasjonar og takk, blomar og beskjed om at no er læreguttida omme, at det er no alvoret tek til.

— Eg står her med ei litt anna kjensle no enn eg gjorde for fire år sidan. Det skal bli godt å gå ut i valkampen med eit samla parti i ryggen, kommenterte førstekandidaten, som håpar han kan få med seg Brattabø Handgard på Hordalandsbenken.

Stortingslista til Hordaland Senterparti:

1. Rune J. Skjælaaen, Bergen

2. Sigrid Brattabø Handegard, Jondal

3. Geir Pollestad, Bergen og Senterungdommen

4. Benthe Bondhus, Kvinnherad

5. Kjellaug Ekse Brekkhus, Voss

6. Per J. Jordal, Os