Ferie, fire meter snø og flotte forhold hadde trekt mange skiglade gjester til Røldal skisenter i Håradalen tysdag. Klokka var cirka 10.45, då drivhjulet løsna i det nederste heisstativet. Den stramme waieren drog hjulet med seg nokre meter oppover i trekket, før det ramla av.

Drivhjulet veg kring 150 kg, får bt.no opplyst ved politistasjonen i Odda.

— Svinheldig

— Hjulet sneia så vidt borti øyra til ei lita jente, men ho kom ikkje til skade, seier politiførstebetjent Sigmund Vestrheim til BT.

— Det var fullt av folk i trekket, og kvar krok var oppteken, så det var svinheldig at ingen fekk hjulet over seg.

Berre tre dagar tidlegare hadde Det norske Veritas rutinemessig kontrollert og godkjent anlegget.

— Det kan sjå ut som om årsaka til skaden var materialtrøttleik i boltane, seier Vestrheim.

Opnar truleg onsdag

Skitrekket stod stille resten av tysdagen. Mens folk frå senteret arbeidde med å reparere skaden, vart skigjestene frakta 500 meter oppover i løypene med tråkkemaskinar.

— Vi håper at trekket kan opna att onsdag, seier Gerd Therese Svåsand ved Røldal Skisenter.

— Er det maks uflaks når noko slikt skjer i påsken?

— Ja, det er jo det. Men heldigvis vart ingen skadde, seier Svåsand.