Mannen som er busett i Sogn og Fjordane, greidde ikkje å få dyra i hus i fjor vår fordi dei var så ville. Han prøvde å lokke dei i hus med ein tamsau, men lukkast ikkje. Deretter la han seg ned med ei salongrifle og skaut det han trudde var leiarsauen frå 60-70 meters hald.

Då han vart klar over at dette ikkje var leiarsauen, skaut han fleire bomskot mot ein annan sau. Fjordane tingrett meiner dyra såleis har kome i fare for å lide unødvendig.

Skaut langs vegen

Den tidlegare skiskyttaren har brukt våpenet sitt til mykje anna enn idrett dei siste åra.

I 2003 og 2004 dreiv han ulovleg øvingsskyting langs ein offentleg veg.

Mannen dreiv skytetrening på ein blink på den eine sida av fylkesvegen, ein veg som er open for offentleg trafikk og kor folk ofte ferdast.

Etter den ulovlege skytinga tok politiet våpenet frå mannen. Då fann han ut at han likevel ville ha våpen, og skaffa seg eit nytt våpen utan løyve. Fleire personar er dessutan bøtelagt for å ha lånt våpen til mannen utan at han hadde løyve.

Forfalska dokument

Mannen vart også dømt for å ha forfalska dokument for å skaffa seg våpen. Då politiet ville sjå løyvet hans, laga han ei erklæring der datoen var forfalska.

Politiet har tre gongar tatt mannen med våpen han ikkje har hatt lov til å ha.

– Saka starta med at folk har tatt kontakt med politiet fordi dei har reagert på at han har skote ved ein offentleg veg, seier politiadvokat Knut Broberg.

Fjordane tingrett dømde mannen til 45 dagar fengsel på vilkår, ei bot på 15.000 kroner og sakskostnader på til saman 10.000 kroner. Han er også dømt til inndraging av rifla si.

Mannen vurderer å anke dommen.

– Eg vurderer også erstatningssøksmål mot Eid lensmannskontor. Eg er framleis sjukmeldt etter å ha fått fysiske skader og psykiske påkjenningar etter at ein politibetjent la meg i bakken under ein arrestasjon, seier han.