Det kom fram under sjøforklaringa i Fjordane tingrett i dag. Der forklarte skipperen at han vakna då båten grunnstøytte. Fartøyet heldt seg flytande ei stund med sterk slagside, før det gjekk ned.

La i veg klokka fem

Det var om morgonen førre tysdag at «Remøybuen» gjekk på grunn i Skatestraumen mellom Måløy og Bremanger. Skipsføraren la i veg frå Kalvåg på Bremangerlandet i femtida. Det siste han hugsar er at dei passerte ei lykt som ligg ikkje så langt frå staden der båten gjekk på grunn.

Skipsførar var trøytt

Under sjøforklaringa fortalde mannen at han hadde vore på arbeid i eitt døgn då havariet skjedde. På desse 24 timane hadde han ikkje fått sove. Han kjende seg ikkje særleg opplagt då dei gjekk frå kai i Kalvåg, men rekna med at det skulle gå bra.

I tillegg til skipsføraren var ein maskinist om bord då båten gjekk på grunn. Skipsføraren gav under sjøforklaringa uttrykk for at dei burde vore fleire. Også maskinisten sov då båten gjekk på grunn.

Redningsskøyta kom raskt til staden etter havariet, og verken skipsførar eller maskinist kom fysisk til skade.

GRUNNSTØTTE: Fiskebåten «Remøybuen» grunnstøtte i Skatestraumen mellom Måløy og Bremanger. Dei to ombord vart redda.
Bjarne Eldevik