— Det med verdien på huset er ikkje så viktig, men dette går ut over trivselen!

Atle Færøvik (57) er så forbanna som ein sindig skipper frå Solund kan bli. I 1993 kjøpte han eit hus på Brøstaneset i Loddefjord. Frå huset har han flott utsikt til skipsleia frå Askøybrua til Byfjorden. Det blir det snart slutt på.

På tomta framfor reiser to snikkarar dei første veggene. Når den nye tomannsbustaden står ferdig vil ikkje Færøvik i frivekene lenger kunne sitje i stova og sjå etter kjende og ukjende båtar.

— Eg følgjer med på alt. Eg kjenner alle båtane som går her. For meg er det trivsel. Når huset kjem opp vil eg berre sjå ein bit av Åsane. Og så bunkersstasjonen i Skålevik. Men den er eg ikkje så interessert i.

- Har utsikt andre vegar

Etter krav frå naboane kom to representantar frå Bergen kommune på synfaring i september i fjor. Færøvik og naboane hadde sett opp ei stong som viste kor høg tomannsbustaden ville bli. Men til liten nytte.

— Alle kunne sjå at utsikta vil forsvinne, men det var null respons. Eg følte at dei rett og slett ikkje brydde seg om det. «Du ser jo ut i Åsane», sa dei. Det som skremmer meg er at eg kjøpte dette huset nesten berre for utsikta sin del.

Problemet for Færøvik er at han og andre som mister utsikt ikkje har noko særleg god sak. Det skal svært mykje til for at kommunen skal kunne nekte nokon å byggje fordi det tek utsikta til naboane. I alle høve når tomta er regulert til bustadformål, og huset ikkje bryt med lover og kommunale planar.

— Det er slik i tettbygd strøk at ein ikkje har krav på å behalde all utsikt når bustadtomter i området er regulert til utbygging. Ofte har ein jo utsikt andre vegar òg, seier seksjonsleiar Else-Kristin Foss Vikenes i Etat for byggesak og private planar i Bergen kommune.

Det at naboane taper økonomisk, fordi verdien på husa går ned når dei mister utsikta, kan kommunen ifølgje Vikenes ikkje ta omsyn til. Slik er lova.

- Skal særdeles mye til

Det at folk mister utsikt er ein av dei mest vanlege årsakene til at naboar klagar i byggesaker. Som regel får dei ikkje medhald, korkje i kommunen eller i neste omgang hjå fylkesmannen.

— Det er berre i kvalifiserte tilfelle av utsiktsforringelse eit bygg kan stoppast, seier førstekonsulent Are Eidissen hjå Fylkesmannen.

For å finne ut kva som er «kvalifiserte tilfelle» viser han, som kommunen har gjort for Færøvik og naboane, til ei presisering av plan og bygningslova sivilombodsmannen gjorde i 1987:

«... det (er) bare kvalifiserte tilfelle av utsiktsforringelse for naboar som kan begrunne avslag på en byggesøknad. Og i praksis skal det særdeles mye til for at naboar i slike tettbygde strøk som det aktuelle blir hørt med klage over utsiktsforringelse».

- Siste hus ut får alt

I røynda betyr det, at så lenge du kan sjå eit fjell, ei mark eller ein bit av ein fjord, slik Færøvik vil gjere, kan du ikkje hindre at den viktigaste utsikta forsvinn.

I alle høve ikkje ved å gå til kommunen eller fylkesmannen. Det blir då ei sak mellom deg og dei som byggjer det nye huset.

For Atle Færøvik har nok det toget gått. Naboen har senka huset med ein meter, men for at Færøvik skal sjå innseglinga til Bergen frå sofaen måtte det minst ha vore to.

Faktisk kunne den nye naboen til Færøvik bygd huset enno 2,5 meter høgare, utan at kommunen kunne sagt noko. Ni meters mønehøgde er greitt, ifølgje plan og bygningslova.

Men det er ei fattig trøyst for skipper Færøvik, som byrjar å nærme seg pensjonsalderen.

— Det er skremmande at siste mann som byggjer har rett på all utsikt, medan vi som har budd her lenge ikkje får noko.