Politiadvokat Morten Daae ved Vest-Finnmark Politidistrikt stadfestar at minst seks skipperar er sikta for falsk forklaring.

Nokre av båtane skipparane arbeider på har tilknytning til Ervik Havfiske, i fylgje Daae.

Ervik-saka gjeld etterforskning av fiskeleveransar til Havøysund Fisk & Industri i Finnmark.

Per i dag meiner politiet det dreier seg om ulovleg levering av fisk som er verdt cirka fem millionar kroner. Politiet meiner at ikkje all fisken er rapportert eller er rapporterte som andre fiskeslag. På denne måten har båtane kunne fiske meir enn dei har kvote til.

Storaksjon

Fleire tiltals politifolk aksjonerte fredag 7. Mars i Finnmark og mot hovudkontoret til Ervik Havfiske i Selje, det største linebåtreiarlaget i Noreg med 16 tilknytta farty. Politiet tok beslag i datamaskiner og arkivmateriale.

Daae seier målet er å bli ferdig med etterforskninga og ta stilling til om det er grunnlag for å reise tiltale innan sommarferien.

Styret i Ervik Havfiske, der Domsteinkonsernet i Måløy eig halvparten av aksjane, har sendt ut pressemelding og orsaka at båtar med tilknytning til reiarlaget har levert fisk utanom sluttseddelsystemet i Finnmark i perioden 1999-2000.

For Stig Ervik, sikta i saka og ein av grunnleggarane av reiarlaget i Selje, har saka kosta han jobben som driftsleiar.

Krangel

Etter politiaksjonen har det blitt krangel mellom Fiskeridirektoratet og Ervik Havfiske, ved advokat Jan E. Holvik.

Striden står om betydninga av at fiskeridirektoratet i februar melde fem fiskebåtreiarlag tilknytta Ervik Havfiske til politiet for overfiske. I mars trekte direktoratet meldinga til politiet og seier i ei pressemelding at det ikkje er grunnlag for å gå vidare med desse sakene.

Ervik Havfiske går i ei pressemelding til åtak på direktoratet og kontrollsjef Einar Ellingsen. Ervik Havfiske skriv i pressemeldinga at Fiskeridirektoratet ut frå sine eigne dokument burde funne ut at det ikkje var grunnlag for å melde dei fem selskapa til politiet. Ervik Havfiske meiner at direktoratet med dette har bidratt til å utløyse ein stor politiaksjon og ein urettmessig og belastande omtale i aviser og kringkasting.

Ellingsen i Fiskeridirektoratet avviser at politiaksjonen mot Ervik Havfiske vart utløyst av at dei fem fiskebåtreiarlagt vart meldt til politiet i februar.