Den forklaringa kan berga kapteinen unna straffeforfølging. Kapteinen skulle ha vore på brua saman med den latviske styrmannen som stod til rors. Styrmannen har anten duppa av eller vore uoppmerksam i minst ti minutt før ei grunnstøyting blei uunngåeleg, er politiet sin teori.

Karmøy-båten «Fritind» var lasta med 1400 tonn stål frå Mo i Rana då han kom ut av kurs og let vera å leggja om til babord inn i Langenuen mellom Fitjar og Tysnes litt før klokka 5 sundag morgon. Ingen av mannskapet på seks kom til skade, men båten fekk ei flenge i botnen og tok inn vatn.

«Fritind» ligg no tørrdokk i Ølensvåg for ettersyn før skipet går til eit utanlandsk verft for reparasjon, opplyser Fitjar lensmannskontor. Sjøfartsinspektør avgjer

Fitjar-lensmann Svein Lunde opplyser at politiet skal gjera ein del tilleggsundersøkingar for å finna ut om forklaringane til dei to offiserane på «Fritind» stemmer.

Deretter er det opp til ein politijurist i samråd med sjøfartsinspektøren å avgjera om reiarlag og mannskap eventuelt skal straffeforfølgjast.

Losplikt

Det er losplikt i dette farvatnet for fartøy som «Fritind». Men skipet slepp å ta los om bord dersom kapteinen har farleibevis for det aktuelle området.

Det er på det reine at «Fritind»-kapteinen har slikt bevis. Men i tillegg er det krav om at kapteinen skal stå til rors og ha ein utkikk i tillegg. Med andre ord skal det vera minst to mann på brua i innaskjers farvatn som i Langenuen.

Magetrøbbel

Ifølgje forklaringa til politiet kom kapteinen på brua då dei runda Marsteinen og kom inn i lospliktig område. Han skal ha avvist at han låg og sov då «Fritind» kom ut av kurs, men derimot forklart at han hadde magetrøbbel og sat på do i minuttane før båten braste inn i berga ved Stokkneset utanfor Sandvikvåg etter å ha følgt ein bein kurs i staden for babordsving. Ifølgje politiforklaringane skal fadesen ha blitt oppdaga av mannskapet like før grunnstøytinga, slik at farten blei redusert noko før møtet med land.