JOHN LINDEBOTTENHELGE SUNDE (foto)

I desse kugalskapstider er det viktig for Gilde å få slått fast at ikkje eit einaste importert dyr hamnar i pølsa, altså inne i pølsa.

– Vi nyttar berre kjøt frå svin og storfe i pølsene vi lagar, med to unntak. I vossakorven og vestlandspølsa er det òg blanda i litt sauekjøt. Og alt kjøt som vi nyttar i pølsene kjem frå dyr levert av medlemmene våre. Dyra er slakta i Granvin eller i Førde, og hit til oss i Eidsvåg får vi kjøtet levert frå skjereavdelinga i Førde, seier Kristine Thorsen til Bergens Tidende.

Ikkje hjerne lenger – Mange trur at pølser er noko som vert laga av oppsop frå slakteriet, innmat, tarmar, hjerne og slikt. Og så krydra og stelt med slik at forbrukarane ikkje skal merka noko?

– Vi har høyrt det. Men det er i alle fall svært lenge sidan tarmar og hjerne var ein del av pølsa. I gamle dagar rundt omkring på gardane var det slik at alt skulle nyttast. Men i moderne industriell pølseproduksjon finn vi verken hjerne eller tarmar i sjølve pølsa, seier driftssjef hjå Gilde Vest, Otto Tuft.

Kjøtet som er att I dag vert pølser og kjøttdeig laga av alt kjøtet som er att på slakteskrotten når indrefileten, okselårstunga, biffen, svinekammen og alle dei andre nærare definerte kjøttbitane er skorne av.

– Innhaldet i pølsa står å lesa på pakken, seier Otto Tuft, og forsikrar at dei ikkje prøver å lura forbrukarane. – Der er ingen andre ting i pølsa enn det som står der, men nøyaktig korleis dei ulike ingrediensane er blanda, varierer sjølvsagt frå det eine pølseslaget til det andre, og det vil vi helst halda for oss sjølve, seier Tuft.

Eigne forskrifter Kristine Thorsen opplyser at det er nye forskrifter under arbeid som vil setja strengare krav til innhaldet i kvart einskild pølseslag. Det kan til dømes gå på feittinnhald.

– Men hjå Gilde har vi våre eigne interne forskrifter som er strengare enn dei som no er til høyring. Når det gjeld middagspølsa, held vi oss til dei offentlege. I middagspølsa, som er billeg, nyttar vi kjøt med meir feitt. I tillegg nyttar vi både mellomgolv og hjartemuskel i middagspølsa.

Pølseskinn er mat – Kva med pølseskinnet då? Er det mat, eller bør vi alltid ta pølseskinnet av og kasta det?

– Eg et alltid pølseskinnet òg. På wienerpølser er skinnet av sauetarm, og det et vi alltid. Grillpølser vert produserte med skinn av plast, men skinnet vert fjerna før pakking, slik at grillpølsene kjem i butikken utan skinn. Hot dog-pølsene har eit kunstig pølseskinn framstilt som oftast av hud frå storfe, og også det er skinn som kan etast.

Kjem vi over på dei større typane, som røykt kjøttpølse, er skinnet tarm av storfe. Importert frå Brasil. Men Gilde skal snart gå over til å nytta svinetarm.

– Også dette pølseskinnet er fullverdig mat, men det er seigare enn skinn av sauetarmar, så dei fleste tar det av pølsa, seier Otto Tuft.

Åse Alve, Geir Holand og Gunnar Djupevåg passar på at produksjonen av røykt kjøtpølse går som han skal hjå Gilde Vest i Eidsvåg