Meldt sakna av sambuar
Dei to mennene parkerte ved skihuset over Krossdalen, og la ut på skitur på førmiddagen i går.

Då dei ikkje kom attende til avtalt tid, melde sambuaren til ein av mennene dei sakna. Leiteaksjonen kom i gang ved rundt klokka 21 lørdag kveld.

- Seks - sju mann var involverte i leiteaksjonen. Vi fann snart ut kvar dei to hadde gått ut ifrå, og mannskapa som fann dei, følgde skispora deira innover, fortel lensmann i Jondal, Øystein Torsnes.

Ulendt terreng
Leitemannskapa kunne køyra snøskuter eit stykke av vegen før det vart så ulendt at dei måtte gå vidare på ski.

Skipatruljen fann dei to ved Bottsvatnet, rundt klokka eitt i natt.

- Dei fekk transportert begge ut, slik at han som overlevde kunne hentast med Luftambulansen, og fraktast til Haukeland Sjukehus, seier Torsnes.

- Korleis er tilstanden hans?

- Han skal etter forholda ha det bra.

Begge frå Jondal
Dei to mennene er rundt 40 år, og begge er frå Jondal. Dei er fjellvande og var ifølgje Torsnes godt utstyrte for dagstur.

Området der dei to vart funne skal ikkje vera mykje brukt som turområde, men det er ifølgje Torsnes heller ikkje uvanleg at folk legg turen hit.