Utgiftene per vestlending ligg 11 prosent under landsgjennomsnittet.

Ein samla vekst i Vest på 5 prosent står i sterk kontrast til den i helseregionane Midt-Norge og Nord, som i same periode har vore høvesvis 15 og 16 prosent.

Berre siste året av perioden, frå 2003 til 2004, auka kostnadene til spesialisthelsetenesta i dei to nordlegaste helseregionane med over seks prosent. I Vest var auken på 1,7 prosent.

I Helse Vest utgjorde kostnadene med sjukehusvesenet 8984 kroner per innbyggjar i fjor. Same summen i Helse Nord er 12.165 kroner. For vestlendingen er det langt igjen for å kome opp på eit kostnadsnivå som utgjer 97 prosent av landsgjennomsnittet. I 2004 ville dette ha kosta regionen kring 800 millionar kroner, konkluderer rapporten.

— Det er store skilnader mellom helseføretaka, og det viser seg altså at dei berre har blitt større. Dette er sjølvsagt svært interessant når det no er sett som mål å jamne skilnadene ut, seier Ronny Jørgenvåg i SINTEF helse.

— Er det ikkje eit paradoks at Helse Vest, med store distriktsområde og lange avstandar, brukar minst pengar på spesialisthelsetenesta?

— Det er sjølvsagt nærliggjande å tenkje slik. Men andre faktorar spelar like stor rolle. I område med mange sjukehus, god tilgang på spesialistar, blir det lettare å nytte seg av tenestene. Der tilbodet er godt, er bruken størst.

Sintefrapporten konkluderer med at aktiviteten og kostnadene har auka i norsk sjukehusvesen dei siste fire åra. Som ein konsekvens av dette har ventetida gått ned.

— Går det basert på denne undersøkinga an å seie noko om sjukehusreforma har vore ein suksess, Jørgenvåg?

— Det er nok vanskeleg. Då reforma blei vedteken var kortare ventetid og større effektivitet viktig. Det har lukkast. Men det var også eit viktig poeng å få kostnadene under kontroll. Og der er det vel vanskeleg å seie at styremaktene har kome i mål.