ARNE HOFSETH

— Vi fjernar dørene, men let glasveggene stå inntil vidare, seier Stig Bergstrøm, ein av dei tre kokkane som driv den idrettsprofilerte kafeen i Vangsgata.

Eit av felta som hindrar fri flyt av tobakksrøyk har to glasruter, med premiar tilhøyrande Kari Traa i mellomrommet. Andre har sandblåste idrettsmotiv.

Slutta lag

— Vi har stundom tilskipingar der det kunne vera greitt med eit større samanhengande rom, men inntil vidare blir veggen ståande, seier Bergstrøm.

Også Styrk Vangen Lirhus på Vangen Café let glasveggen til røykeavdelinga bli ståande. Veggen vart sett opp for å gje røykjarane ein tilhaldsstad etter tidlegare lovendring.

— Kanskje vil eit selskap ha eit avlukke for seg sjølv, resonnerer han.

Bergstøm er spent på om ikkje-røykjarar kjem til å gå ut meir, slik det blir hevda på førehand. Det skal ikkje så veldig mange ekstra middagsgjester til for å vega opp for omsetnaden av kaffikoppar til sigaretten i lunsjpausen. Desse gjestene risikerer han å missa når det blir for kaldt til å sitja utandørs.

Vegglaust

Dei andre kafeane på Voss har ikkje skiljeveggar. Voss Avhaldskafe og Voss Indremisjonskafe har vore røykfrie, så der er det «business as usual». Kafeane på Park Hotell Vossevangen og på jernbanestasjonen blir røykfrie også i nåverande røykesoner. På jernbanestasjonen ser ein av innehavarane med glede fram til endringa. Ho er plaga av frityr-os innanfor disken og sigarettrøyk på utsida. Her blir det nok kjapp utkasting dersom nokon prøver å tenna ein sigarett i framtida.

Staseleg hotellterrasse

På hotella blir det røykeforbod i opphaldsrom, men ikkje på gjesteromma. Ein del rom blir likevel reservert for ikkje-røykjarar.

Fleischer's Hotell har gjort klart eit utandørs «røykerom». Rundt 100 kvadratmeter av den store terrassen kan dekkast av markiser som spring ut frå eit skiferdekt tak-møne. Effektive skjermar vil halda sur vind ute.

For Vossestølen Hotel på Oppheim, vil ny røykelov ikkje endra noko.

— Vi innførte røykeforbod i heile huset for eit år sidan, og gjestene er begeistra, fortel hotellvert Hallvard Løno til Bergens Tidende.

BLIR STÅANDE: Kari Traa-klenodiane blir ståande på Ringheimskafeen sjølv om det frå tysdag blir nikotinfritt både framom og bak, forsikrar Stig Bergstrøm.<p/>FOTO: ARNE HOFSETH