— Vi må heilt attende til syttitalet for å finna tidlegare opningsdato, seier ein oppglødd disponent Per Inge Brekke til Bergens Tidende.

Medan solgløtt vert avløyst av sildrande regn nede på Vangen, snør det oppe på Hangur. Torsdag passerte dei halvmetersmerket oppe på toppen.

Snøen er kram og pakkar seg fint, fortel dei som køyrer løypeprepareringsmaskinene. Kjem det nokre kuldegrader no, så er det lagt ein solid sole på frosen mark.

— Etter tidlege snøfall, har snøen hatt ein tendens til å bli borte att. I år er det ein rimeleg sjanse for at han blir liggande, seier Brekke.

I tilfelle vil heisane halda ope laurdagar og sundagar fram til jul, og dagleg frå 2. juledag. Både Hangursløypa og Tråstølen vil vera open for alpinistar og brettfolk i helga, medan langrennsfolket får ei preparert lysløype å testa formen i. Tilkomst med Hangursbanen og Hangursheisen. Med flunkande ny stolar vil Tråstølsheisen henta heim att dei som søkjer den lengre løypa «på baksida» av fjellet.

Nye stolar på denne heisen har lenge stått på ynskjelista til Fjellheisane. Etter kapasitetsutvidinga for mange år sidan, har heisen hatt to ulike typar stolar. At nokre var farga gule, og andre grøne, spelte mindre rolle, men ulik høgde over snøen, gjorde påstiging vanskeleg å berekna.

I Bavallen ventar ein framleis på kuldegrader for å kunne ta i bruk snøkanonene.