Frå før har dei hatt stor suksess med sportsklede av merka Bula og Kari Traa.

– Dagleg leiar Terje Eilertsen og staben hans held fram på skifabrikken. Dei veit korleis ski skal lagast. Vi veit korleis dei skal brukast, og korleis dei skal seljast, seier Hans Engelsen Eide.

Kulekøyraren som tok OL-sølv då freestyle var prøvegrein i Calgary, og har jobba opp sitt Bula-agentur til ei suksessbedrift, med Øystein Lauritzen på laget.

Også dei tidlegare eigarane blir med vidare, men no som minoritetseigarar. Trygve Bruvik i Havna AS og Irene Bøe i Sognelaks AS har halde att fem prosent av aksjane kvar. Før eigde dei halvparten av skifabrikken kvar.

– Vi var ikkje i ein slik posisjon at vi måtte selja. Fabrikken hadde greidd seg neste år også. Men vi følte at vi ikkje har den energien som skal til for å gje verksemda eit løft. Det trur vi at Skigutane har, seier Trygve Bruvik til Bergens Tidende.

Han presiserer at det ikkje hadde vore aktuelt å selja fabrikken no, hadde dei ikkje råka borti ein kjøpar som dei har stor tru på. Også meklar Trond Falck Monsen i Artesia Capital DA er overtydd om at fabrikken har fått rette eigarane. Skigutane har eit godt utbygt marknadsføringsapparat.

Skigutane omset i år for rundt 70 millionar kroner. Verksemda har 35 tilsette, hovudkontor på Tvildemoen på Voss, distriktskontor i Oslo og produksjonskontor i Shanghai, Kina og Pakistan. Også Åsnes har siste året flytta noko av produksjonen utanlands, men fabrikken i Sunnfjord lagar framleis dei fleste av Åsnes sine skimodellar. Skigutane også ser etter nye produktområde for den tradisjonsrike skifabrikken.

– Åsnes skal igjen verta det skimerket nordmann flest brukar til skileik og moro i åra framover. Alle har eit forhold til Åsnes-ski, hevdar Lauritzen og Engelsen Eide, og viser fram den tradisjonsrike treskia med hickory-kantar og andre klenodiar.

Men det er moderne Åsnes-ski som no skal marknadsførast av gjengen med friluftsfrelste på Tvildemoen. Dei spenner frå ekstremsport til familieliv, men ut på ski, det skal dei.

– Etter tallause turar ned bakkane i telemarkstil eller rundt i Vossafjella på Åsnesski, måtte vi kjøpa skifabrikken når sjansen baud seg, hevdar «skigutane».