OVE ARNE OLDERKJÆR

Omfanget blir så stort at bedrifta ber Statens forurensningstilsyn (SFT) om å få nytta tida heilt fram til hausten 2008 med å bli ferdig med å skifta armaturen.

Det kreftframkallande stoffet PCB finst i kondensatorane i innandørs og utandørs lysarmatur produsert mellom 1960 og 1980. Helse-, miljø— og sikkerhetsavdelinga på Aker Stord har funne ut at verftet må skifta ut heile 3000 kondensatorar.

Aker Stord har alt starta med å skifta ut lysarmaturen utandørs, og vil halda fram med tilsvarande arbeid i produksjons- og verkstadhallar, og til sist i velferds- og kontorbygg.