I løpet av dei komande to vekene vil det meste av landet avvikla vinterferien. Då plar mange missa mykje kostbart. Anten har frekke tjuvar vore på ferde, eller så hugsar eigaren rett og slett ikkje kvar han har gjort av eignelutane sine.

— I større skisenter blir verdiar for millionar borte kvar sesong. På Voss er problemet kanskje berre tiandeparten så stort, men vi ser stor pris på at politiet er synleg i løypene, seier disponent Per Inge Brekke i Voss Fjellheisar AS til Bergens Tidende.

— Synleg politi har ein førebyggande effekt, seier førstelensmannsbetjent Edvin Kaldestad ved Voss lensmannsdistrikt til Bergens Tidende.

Men litt spaning høyrer også med.

— Vi kjem til å ha ein eller to uniformerte betjentar i løypene kvar dag, men stundom er vi ute i sivil også, seier Kaldestad.

Det er tredje året på rad at lensmannsfolka på Voss har vore på jobb i alpinanlegget. For tre år sidan toppa det seg med tjuveri av ski, skibrett, kostbare klede og ryggsekkar med mykje verdfullt innhald; cd-spelarar, mobiltelefonar, bankkort og kontante pengar. To års røynsle viser klar betring

— Gjer snøbrettet ditt unikt med eit merke som ikkje kan fjernast. Og skriv opp serienummer, særleg på CD-spelarar, mobiltelefonar og ting som er vanskeleg å merka, tilrår lensmannsbetjent Jostein Skeie.

Han fortel at ein del tjuvegods vert funne att, men kjem ikkje til rett eigarmann fordi han knapt nok veit merke og farge.

KLAR FOR KREMJOBB: Jostein Skeie (t.v.) og Edvin Kaldestad blant politifolkar som er klare for kosekøyring i skiløypene midt i arbeidstida i vinterferievekene.
Foto: Arne Hofseth