— Eg er redd alt av teneste og jobbar hamnar i Knarvik og Meland, der det bur mest folk, seier Geir Kjeilen, før han legg til:

— Men med det nye, svære kommunehuset i Austrheim er det vel naturleg å leggje delar av administrasjonen ut hit.

Annan kvar skal bort?

Ekspertane har sagt sitt. Talet på kommunar i Hordaland kan halverast frå dagens 33 til 16, meiner ei prosjektgruppe i Kommunenes Sentralforbund, leia av Magne Rommetveit, ordførar i Stord.

Prosjektet ber namnet Framtidas kommunestruktur, og er eit samarbeid mellom KS og Kommunal- og regionaldepartementet.

Forskarar ved Østlandsforskning vil gå eit steg lenger og redusere frå 33 til 11 kommunar.

Innan 15. april skal kommunestyra seie kva for ei inndeling dei ønskjer. Først då vil prosjektgruppa kome med ei endeleg tilråding til korleis det framtidige kartet skal sjå ut.

Trur på Nordhordland

I første runde har 13 av kommunane gjeve signal om at dei kan tenkje seg å gå vidare i ein diskusjon om samanslåing. 17 kommunar har sagt klart at dei helst vil halde fram som eigen kommune.

Magne Rommetveit trur ikkje denne prosessen vil føre til at særleg mange grenser blir flytta. 40 år og tallause utgreiingar er gått sidan sist kommune-Norge flytta grenser i stort mon.

— Så lenge kommunesamanslåing er ei friviljug sak, vil eg tru at dei fleste vel å forbli som i dag, seier han.

— Kva for kommunar trur du likevel vel å slå seg saman?

— Det verkar som det er ein viss driv i tanken om storkommunen Nordhordland, seier Rommetveit.

Ikkje berre enkelt

Midt i det lappeteppet av kommunar som i dag utgjer Nordhordland bur Geir Kjeilen og Renate Dalland. Vegen til heimen deira heilt ytst i Lindås går via Austrheim, over brua til øya Kjeilen og tilbake i Lindås.

Livet i grenseland er ikkje berre enkelt.

Sjuåringen Julie har plass på Kaland barne- og ungdomsskule i nabokommunen Austrheim. Den dagen Julie skal til i ungdomsskulen, kan ho risikere å bli tvangsflytta til ny skule i heimkommunen.

Veslesystra Kristin har plass i barnehage i Austrheim, men berre for eit år om gongen. Meldar det seg ein søkjar frå Austrheim som ønskjer hennar plass, må ho ut. Barn frå Austrheim går framom barn frå Lindås.

For ikkje å snakke om brøyting og vegvedlikehald. Prøv å få to kommunar til å samarbeide om å asfaltere eit stykke kommunal veg. Geir Kjeilen veit litt om kor mykje styr slikt fører med seg.

Ein kjærleiksmarknad

Kommunane ligg tett her ytst på Vestlandet. Renate Dalland har berre ein 20 minuttars biltur til barndomsheimen på Radøy, tvers gjennom nabokommunen Austrheim.

Så tett bur folk i Nordhordland at heile området er å sjå på som ein kjærleiksmarknad. Forskarane frå Østlandsforskning har vurdert det og, før dei nye grensene vart teikna.

Hardingane giftar seg på Voss. Radværingene og austrheimingane finn seg ektemake i Lindås.

— Det stemmer nok for vår del, ler Renate.

— Vi møttest på dans ved slusane i Lindås.

— Kjærleiksmarknaden var nok meir på tvers av kommunane for nokre år sidan, då opptil 1000 menneske var samla til stordans på Hundvin, Sletta eller i Lindås, meiner Geir.

- Flytt heller grensa

Sjølv med vanskane det fører med seg å leve med ein fot i kvar kommune, er ikkje Renate Dalland og Geir Kjeilen særleg entusiastisk til å gjere Nordhordland til ein kommune:

— Eg kan aldri tenkje meg at vi får betre teneste av at ein storkommune driv billegare enn mange små. Då vil berre staten stramme inn overføringane, trur Geir.

Heller då gjere Kjeilen til del av Austrheim. Flytte grensa i staden for å fjerne ho, meiner Renate.

— Inntil det motsette er bevist, trur eg ikkje vi er tente med ein storkommune, seier ho.