Fensfjord Mooring meiner det vil vere langt tryggare å supertankarane til anker i bøyer nær land, enn at dei går med låg fart rett utanfor territorialgrensa.

Selskapet har søkt Kystverket om løyve til å leggje to bøyer på Fonnesflaket, den eine eit stykke frå ferjekaia i Leirvåg og ei anna ved Storestonga lenger vest. Ei tredje bøye er tenkt lagt til Fensfjorden, utanfor Stangeneset i Gulen.

Norges Miljøvernforbund har tidlegare vore kritisk til å ankre store tankbåtar opp i avlastingsbøyer nær land i Nordhordland og Gulen. Det er dei framleis. Fagansvarleg for olje i forbundet, Jan-Hugo Holten, peikar på at søknaden frå Fensfjord Mooring er lite dokumentert, og meiner ein rapport frå Veritas dreg planane i tvil.

— Vi ser ikkje svartkvitt på dette, men meiner at andre tiltak bør kome først. Slike avlastingsbøyer kan berre bli eit supplement, seier Jan-Hugo Holten.

Henrik Magnus på sin side meiner Veritasrapporten går god for deira opplegg.

— Veritas har akseptert dei løysingar vi har.

— Men for seks år sidan sleit ein tankar seg i ei bøye i Brandangersundet, og ein katastrofe var berre minutt unna. Den bøya er no ikkje lenger i bruk?

— Det er korrekt. Men det var med ein heilt anna type bøye enn dei vi skal bruke. Manglar ved båten var også ein av årsakene til den hendinga.

Miljøvernforbundet meiner Kystverket først må påleggje oljetankarar å bruke ledig kaikapasitet på Mongstad. I følgje forbundet blir ei eiga vente- og servicekai på Mongstad knapt brukt til det den er tenkt. Dei vil at Kystverket reiser krav om at skipa går til kai, i staden for å vente til for anker eller med motorane i gang til sjøs.

Kystverket meiner søknaden frå Fensfjord Mooring kan vere avgjort i haust.

Sidan det tidlegare er gitt løyve til å plassere ventebøyer i området, tyder mykje på at søknaden vil gå gjennom.