ARNE HOFSETH

Innføring av autopass-ordninga på ferjene, til liks med dei automatiske bomstasjonane på vegnettet, møter skepsis i Hardanger.

Ein stor del av sommartrafikken er utanlandske turistar. Dersom dei unnlet å betala fakturaen dei måtte få tilsendt i posten, blir det dyrt å krevja inn pengane. Så dyrt at vinninga går opp i spinninga. I praksis er det frivillig om dei vil betala eller ikkje.

Hardangerrådet meiner difor at det trengst eit manuelt betalingssystem i tillegg i sommarhalvåret.

I utgangspunktet meiner rådet at ferjene skulle vore gratis. Dei er ein del av vegnettet, og blir betalt for gjennom skattlegginga av bilbruken. Med slik er det ikkje, konstaterer rådet i ei høyringsfråsegn om ferjetakstar.

Med Auto-pass fell passasjerbilletten bort. I staden skal takstane for bil med førar aukast, tilsvarande det det i dag kostar å ha med ein passasjer. Har du meir enn ein passasjer, blir det billegare. Kjører du åleine, blir det dyrare.

Hardangerrådet ser det positive i denne favoriseringa av kollektivtransporten, og særleg dei langt billegare ferjekostnadene for turistbussane. På den andre sida blir det dyrare for mange privatpersonar og næringslivet. Bussen går ikkje ofte nok til å vera eit reelt alternativ til privatbilen, og på lastebilen er føraren oftast åleine.

Rådet gjer framlegg om at taksten for bilar mellom seks og sju meter vert gjeldande heilt opp til 13 meter. Dermed fell dei fleste bussar og vanlege lastebilar inn under denne gruppa.