Statens Forureiningstilsyn (SFT) inspiserte i går sekkene med ureina jord— og grusmassar som no står ferdig pakka på kaia i Sløvåg. Dei er nøgde med at dei stinkande massane er pakka i store sekker med plast rundt, såkalla bigbags, men meiner oppryddinga har teke alt for langt tid.

— Det har vi gitt selskapet veldig klar beskjed om, seier seksjonssjef Bjørn Bjørnstad i SFT.

Dagleg leiar Håkon Ivarson skuldar på oppstyret rundt saka og dei mange medieoppslaga. Ingen norske mottak vil ta mot avfallet.

Reidun Halland lurte på kvifor ikkje SFT har pålagt norske verksemder å ta mot avfallet, dersom det er slik at dei har heimel til å gripe inn i miljøsaker, men utan å få eit konkret svar.

Dei ureina jordmassane og restavfallet frå «Probo Emu», som framleis ligg på ein tank i Sløvåg, vil no bli eksportert til Tyskland. Men truleg vil det gå enno minst ein månad før avfallet er vekke.

Skepsisen knyter seg også til banda mellom nederlandske Trafigura og estiske Alexela. Trafigura er inne på eigarsida i Alexela Sløvåg, og det er dokumentert at Trafigura eigde fleire av lastene med petroleumsprodukt som blei avsvovla ved anlegget til Vest Tank. Det var restavfallet etter denne prosessen som først gjekk i lufta.

På møtet kom det også fram at folk er kritiske til kva dei nye eigarane skal drive med i Sløvåg. Alexela-sjef Ivarson måtte be SFT stadfeste at dei ikkje har søkt om å handtere farleg avfall, men drive ein rein oljeterminal.

Seksjonssjef Harald Sørby kvitterte med å svare at det per dags dato ikkje ligg føre nokon søknad.

— Når vi får den nye søknaden vil den bli handsama i tråd med regelverket. Det kan ta bortimot eit år, sa Sørby.

Kva synest du om styremaktene si handtering av saka? Diskuter her.