• Vi kan ikkje utan vidare seie ja til ein pakke med så mykje bompengar.

Petter Løvik, Høgres leiar i samferdselskomiteen på Stortinget, legg ikkje skjul på at han er skeptisk til planane Vestlandsrådet la fram måndag.

— Eg er ingen prinsipiell motstandar av bompengar. Men eit slikt omfang som vi snakkar om her, kan eg ikkje vere med på å gje grønt lys for i dag, seier Løvik.

Han stiller spørsmål ved om det er vilje mellom folk på Vestlandet til å grave så djupt i den private lommeboka for å få ei full opprusting av Kyststamvegen.

— Eg registrerer at ein del politikarar har denne viljen. Men eg etterlyser ein breiare diskusjon mellom folk flest om den skissa vi blei presenterte for, seier Løvik.

I følgje leiaren av samferdselsutvalet vil det vere uaktuelt å gje grønt lys for bompengesatsinga som ein samla pakke.

— Kvart prosjekt må vedtakast for seg. Det betyr lokal tilslutnad, seier Løvik.

I tillegg kravde vestlandspolitikarane at staten går inn med 1,5 milliardar i tillegg til dei 3,5 som alt er lagt inn i Nasjonal Transportplan til utbetring av E39. Heller ikkje her kan Løvik gje klarsignal.

— 1,5 milliardar er trass alt svært mykje pengar, er kommentaren.