På garden Hodne i Lindås står ein tre og ein halv meter høg bautastein over Jo Hodne, reist etter initiativ frå ungdomslaget i Myking i 1926.

Bautasteinen vart reist over mannen som på sine gamle dagar fortalde at han hadde skote og drepe den svenske krigarkongen Karl XII ved Fredriksten festning i 1718. Kvart år går 17. mai toget i Myking til bautaen for å feira denne mannen.

Den store nordiske krig

Denne krigen starta i 1700 då Karl XII gjekk til åtak på Danmark-Noreg. Krigen vart seinare utvida til å omfatta på den eine sida Danmark-Noreg, Sachsen, Polen, Russland, Preussen og Hannover. Svenskane under krigarkongen Karl XII sto på motsett side.

Dei første åra var svenskane på offensiven, og la under seg store landområde. Men i slaget ved Poltava i 1709 vart den svenske hæren utsletta. Kong Karl XII søkte då til Tyrkia.

Då han vende heim i 1715 samla han ei ny svensk hær og gjekk på ny til åtak på Norge, som skulle erstatta dei svenske tapa av landområde. Felttoget i 1716 var mislukka.

Invaderte Norge

I 1717 vart svenskane på ny utskrivne til krig, og i 1718 invaderte dei Norge med meir enn 50 000 mann. Kong Karl XII ville først ta Fredriksten festning ved Halden.

Svenskane omringa festninga og tok til å grava løpargravar. Arbeidet måtte gjerast om kvelden i mørkret. Om lag 160 nordmenn låg på festninga. Dei vart kommanderte av Frantz Butler, sjefen for Nordhordlenske reservekompani, men soldatane var plukka ut frå alle vestlandskompania. Det hadde nok si årsak i at dei var rekna som tapte.

Nordmennene bombarderte svenskane med kanonkuler og geværskot. 14. desember 1718 såg dei at svenskane trakk seg ut. Ryktet fortalde at Karl XII var død! Han hadde vore i løpargrava og den 10. desember fekk han ei kule gjennom hovudet.

4000 vestlendinger drept

Under denne krigen var meir enn 10 000 vestlendingar i felten. Berre 6 000 av dei kom heim att.

Det var stor mangel på arbeidskraft, matmangel og forsyningskrise. For å bøte på mangelen på mannleg arbeidskraft på Vestlandet, vart svenske krigsfangar sende med båt til Bergen og fordelt i landdistrikta. Knapt nokon annan krig har truga den vestnorske befolkningen i like høg grad.

Skaut han svenskekongen?

På NRK er det i haust ein serie kalla ” Norsk attraksjon ”. Soga om Jo Hodne skal vera eit av dei mange innslaga i denne serien. Innsamling av materiale til denne tv-serien var utgangspunkt for at Statsarkivet i Bergen fekk i oppdrag å finna sanninga om Jo Hodne og drapet på Karl XII.

I det nye nummeret av ”Bergensposten” som no er utgitt fortel statsarkivaren i Bergen, Yngve Nedrebø, det han har funne fram til om Jo Hodne og kongedrapet i kjeldene.

Soga om at Jo Hodne skal ha vore mannen som skaut og drap Karl XII har vore omdiskutert.

Yngve Nedrebø skriv: ”Men det er slett ikkje alle som har festa lit til historia. Oppgåva vår skal her vere å sjå på dei opplysningane vi kan finne om denne mannen på Hodne. Var han i det heile soldat? Var han på Fredriksten? Kan det vere sant at han har vore mannen som skaut svenskekongen?”

Jo Vedlo Hodne

Joen Joensen Myching (seinare kalla Jo Hodne eller Jo Vedlo) vart utskriven til soldat i 1713, men då han skulle møta var han ”deserteret”. Dei fann han, og på grunn av mannskapsmangelen let dei han leve, og innrullerte han til krigsteneste etter desember 1713.

Han sto som soldat fram til 1719 då kompaniet hans vende heim. Joen Joensen fann seg då eit gardsbruk på Hodne i Lindås. På sine gamle dagar skal Jo ha fått sjelekvale, og han skal ha fortald soknepresten i Lindås at han var drapsmannen til Karl XII. Det vart til ei segn om helten Jo Vedlo Hodne.

Yngve Nedrebø frikjenner Jo Vedlo Hodne for drapet på Karl XII, og meiner difor at teksten på bautasteinen frå 1926 er feil. Men på bakgrunn av den store innsatsen som vestlendingane gjorde under denne krigen, er likevel ein bautastein på sin plass.

Les heile artikkelen ”Banemann åt Karl XII”

Tidlegare i år kom det ut ei bok om beleiringa av Fredriksten i 1718. Den er ført i pennen av tidlegare byantikvar i Oslo, Kjeld Th. Magnussen. Han avviser og at Jo Vedlo Hodne var banemannen år Karl XII: ”Historien er naturligvis en diger skrøne, selv om den er hogd i stein. Det har alltid vært brygget godt øl i Hordaland”

Bergensposten

Bergensposten kom ut som avis i Bergen frå 1. mars 1854 til den i 1893 gjekk inn i Bergens Tidende. Som undertittel hadde avisa lenge "Tidende for Bergens By og Stift".

Frå 1998 har ”Bergensposten” vore namnet på ein gratis publikasjon utgjeven av Statsarkivet i Bergen. Dei første åra var det berre eit nummer årleg, dei siste åra tre. I ”Bergensposten” vert det publisert artiklar som på ein eller annan måte har tilknyting til Statsarkivet i Bergen og dei arkiva som er der.

Bergensposten kan lesast som nettutgåve , men den kan og hentast på følgjande stader:

Resepsjonen Bergens Tidende (Krinkelkroken 1)

Turistinformasjonen i Bergen , (Vågsalmenning 1)

Statsarkivet i Bergen (Årstadveien 22)

**Aktuelle lenker:

Lindås prestegjeld vart det i 1719 og 1720 døypt barn av svenske fanger, Josef Pamphelli og Andreas Børsmand

Finn andre døypte i Lindås 1699-1764 eller søk i andre databasar i Digitalarkivet.**

Les nettutgåva av Bergensposten nr. 2 , 2007

**Les meir om Fredriksten festning – tusenårsstaden i Østfold fylke

Les meir om nasjonale festningsverk**

**Besøk Åsane Historielag

Her kan du lese mer om NRKprogramment Norsk attraksjon**

BANEMANNEN ÅT KARL XII: Her på garden Hodne i Lindås står ein tre og ein halv meter høg bautastein over Jo Hodne, reist etter initiativ frå ungdomslaget i Myking i 1926.
Kristin Helgeland Hauge, NRK
RUVER: Bautasteinen ruver i terrenget.
Kristin Helgeland Hauge, NRK
FLEIRE ATTRAKSJONAR: Her er både bautaen og Linda Eide, begge er å rekne for gode norske attraksjonar. Foto tatt under opptak til programmet Norsk attraksjon på Hodne i Lindås 16. mai 2007.
Kristin Helgeland Hauge, NRK
I spalten Glimt fra fortiden på bt.no, gir Marianne Herfindal Johannessen deg smakebiter fra historiske skatter på nettet.Marianne Herfindal Johannessen er historiker og arbeider ved Statsarkivet i Bergen. Hun er vår veiviser inn i Digitalarkivets hemmeligheter. Marianne er også leder av Åsane Historielag og medforfatter av flere bøker.
Pål Engesæter