Det var under ein politiaksjon i Solund sist helg at den ulovlege hjortejakta vart avslørt.

Jegerane frå Hordaland hadde kjøpt seg rett til å skyte tre hjortar i øykommunen i Ytre Sogn. Men då politiet stoppa dei to bilane jaktlaget disponerte, reagerte lovens lange arm på dei store mengdene hjortekjøt i bagasjeromma. Totalt vart det vege opp rundt 400 kilo reint kjøt frå sju dyr.

Hjortejakta i Solund vart ein fiasko for jegerane. Etter å ha vorte avhøyrte på lensmannskontoret vart dei sende heim att. Men utan både kjøt og våpen.

Både dei 400 kiloa med kjøt og dei fire våpna vart nemleg beslaglagt. Og i tillegg ventar straff.