Skaut kronhjorten første jaktdag
For første året har Åkrafjorden Jakt i Kvinnherad invitert kvinnegrupper på hjortejakt. Måndag skaut Kamilla Buran (25) frå Larvik i Vestfold ein flott 12-taggar kronhjort.
ANNA K. HELLVANG
Det siste kvinnelaget er på jakt i Kvinnherad denne veka, og alt første jaktdagen måndag var det full klaff for ein av førstegongsjegerane.
Kamilla Buran (25) frå Larvik i Vestfold hadde aldri før skote storvilt, og på første dag i skogen i Kvinnherad, gjekk det ikkje lenge før ho og kjentmann Jens Lindskog fekk auga på dei første hjortane.
Kjentmann med
Ho hadde gått ein halvtime i skogen og nett kome fram til jaktpost. Etter fem minutt på post snudde Jens Lindskog seg og der kom kolle, kalv og ein stor kronhjort ned frå fjellet. Han fekk Kamilla raskt i posisjon medan han sjølv var på sida og sikra i tilfelle ho skulle bomme.
Jens brøla på hjorten for å få den til å stoppa. Det gjorde den, men då fann ikkje Kamilla hjorten i siktet. Så den gjekk vidare. Jens brøla igjen og hjorten stoppa på ny ca. 80 meter unna. Denne gongen fekk Kamilla raskt hjorten i siktet, og det gjekk det ikkje mange sekund før det small.
Det var først då Kamilla kom fram og såg hjorten, at ho skjøna kor stor og flott den var. Ho hadde skote ein 12-taggar, ein av dei flottaste kronhjortane i skogen.
Førstegongsjeger
- Eg har ikkje skote hjort før. Eg vart så glad, seier Kamilla som berre glisa og lo resten av dagen. Den første ho ringde var far, som har introdusert ho til jakt.
Ho synest opplegget er fint med kjentmann og var glad for at Jens var på sida og kunne gje råd undervegs.
- Eg er fersk, så det er greitt å ha nokon eg kan spørja, smiler ho.
Jaktlaget bestod av veninna Anita Dreng frå Larvik, Lena Andersson frå Telemark og Torhild Olsen frå Gjøvik. Damene synest det var flott at nokon av dei lukkast i å skyta hjort.
- Dette var kjempegøy, ler Anita Dreng.
Les også
Siste fra Lokalt
Fakta Åkrafjorden Jakt
* Tor Kvandal frå Rosendal og Jens Lindskog frå Bergen driv selskapet Åkrafjorden Jakt. Selskapet har 65 hjorteløyve i Kvinnherad og Etne og har om lag 150 jegerar ute i år.
* Har spela inn jaktfilm og med hjelp av pengar frå Hordaland Fylkeskommune driv dei med ny innspeling i 2007-08 med fotograf Gordon Fjeld.
* Selskapet driv for femte året. I fjor omsette dei for om lag ein halv million kroner og reknar med å passera 7-800.000 kroner i år. Meir info på: http://www.hjortejakt.info/
Relaterte bilder
STOLT: Kamilla Buran hadde god hjelp av kjentmann Jens Lindskog då ho skaut si første hjort. FOTO: privat
REDDA LIVET: Denne hjorten kom seg unna. FOTO: Anna Kirsten Hellevang