• Det er lov å ha litt flaks, seier Ronny Kaldestad i Norheimsund. Domenenamnet digitalbilder.no har gitt ein straum av nye kundar til Straumen.

ARNE HOFSETH

Dei er mange om beinet, dei som tilbyr «framkalling» og kopiering av bilete, og vil utvida kundekretsen med tinging over internett. Firma som Foto Knudsen er sjølvsagt gigantar i samanlikning, men Kaldestad er overtydd om at kundetalet til fotobutikken Expressfoto i Straumensenteret i Grova (Norheimsund sentrum) har raskare vekst for tida.

— Eg sat i timesvis og søkte på ledige domenenamn som kunne ha appell, men alle var opptekne. Til sist søkte eg på det mest opplagte av alle, utan den minste von om at det skulle vera ledig. Men det var det, faktisk. Skal seia at eg var snar å registrera digitalbilder.no som mitt, seier Kaldestad til Bergens Tidende.

Dei fleste søkemotorane set no Kaldestad sitt firma øvst på lista når folk søker etter nokon som kan kopiera digitale bilete. Dermed strøymer det på med nye kundar. Så mange at han har flytta store deler av produksjonen frå Straumen-senteret oppstraums til leigde lokale mellom vatnet og riksvegen mot Bergen. Her er det investert i nytt laboratorium og råmeverkstad. Alle ordrar som kjem inn via nettet, vert ekspederte her.

Fotobutikkane rundt om i landet opplever tøffe tider når stadig fleire byter frå tradisjonell fargefilm til digitale kamera. Talet på konkursar dei siste to åra er tresifra. Men Kaldestad ser ut til å ha greidd omstillinga, ikkje berre sikra Norheimsund ein lokal fotobutikk, men også sysselset opp til ni personar. 6-7 av dei er faste, dei andre kan tilkallast til å ta unna toppar. Arbeidet dei utfører, er det ikkje grunn til å klaga over. Nyleg tok Norheimsund-verksemda gjevaste premien med seg heim i Cannon-konsernet si landsomfattande kåring, og dei gjekk også til topps i ein VG-test.

— Det nyttar ikkje berre å skaffa seg nye kundar. Du må levera kvalitet for å halda på dei. Men leverer du kvalitet, er kundane veldig lojale i denne bransjen. Det skulle ein kanskje ikkje venta, når det er så lett å finna nye aktørar på internett, seier Kaldestad.

Det er kona, Anja Kjosaas Kaldestad, som er fagmannen i familien. Som dristig 22-åring lånte ho ein million då Bergensfirmaet Jørgensen i 1989 ville selja fotobutikken dei hadde etablert i Norheimsund. Ho var då tilsett i butikken. Seinare tok ho fotoutdanning. Akkurat no er ho inne i ein periode med lite fotografering. Arbeid tidleg og seint, i helg og yrkje, på bryllaupsdagar og konfirmasjonssundagar let seg vanskeleg kombinera med familielivet.

FOTOLAB I NORHEIMSUND Ronny Kaldestad (til høgre) ser på arbeidet til Hans Inge Myrvold (nærast) og Astrid Moen.<br/>Foto: ARNE HOFSETH