Hordaland fylkesutval støtta seg i dag til det eksterne finansieringsopplegget for lang Jondalstunnel. Men vilkåret er at ikkje Skatt Vest konkluderer med at kraftselskapet Jondal Energi — som no fusjonerer med Indre Hardanger Kraftlag - må skatta for tilskotet på 40 millionar kroner.

Frå før har Trond Mohn lova 6,6 millionar kroner i tilskot til den lange tunnelen som fylkeskommunen ikkje ser seg råd til å finansiera fullt ut.

Det 10 km lange vegprosjektet mellom Jondal og Kvinnherad har ei ramme på 822 millionar kroner. I tillegg kjem dei 46,6 millionar kronene som no kjem frå private aktørar og sikrar veg utanom Torsnes-grenda.

Fylkesutvalet er samla på Voss i går og i dag og har gitt fylkesrådmannen fullmakt til å akseptera den skisserte finansieringsløysinga for lang tunnel dersom Skatt Vest garanterer skattefritak. Visst ikkje dette er klarert i løpet av dei nærmaste dagane, vil fylkesutvalet bli kalla inn til ekstraordinært møte om saka.

Tunneldrivinga starta på sørsida, i Mauranger i Kvinnherad 3.november. Den bompengefinansierte tunnelen blir opna for trafikk i slutten av 2012.