— I beste fall er det forureina avfall, i verste fall er det farleg avfall, seier tryggleiksrådgjevar i Ragn-Sells, Einar Skau.

Selskapet har spesialisert seg på handtering av farleg avfall, og er ikkje imponert over måten avfallet etter brannen i Sandviken er handtert på.

- Burde tatt analysar

— Det er mange føreskrifter på korleis avfall etter brannar skal handterast. Umiddelbart etter brannen burde det blitt gjort analysar for å finne ut kva stoff som ligg igjen i ruinane. Det er kritikkverdig at dette ikkje er blitt gjort, seier Skau.

Dersom det er forureina eller farleg stoff igjen etter brannen, skal dette sendast til eit godkjent deponi.

— Det kan jo vere farleg for folk, og då er det viktig at dette blir handtert på ein skikkeleg måte.

Han er også kritisk til at det har blitt spylt vatn rundt området dei siste dagane.

— Dermed kan mykje avfall ha hamna i sjøen, og det er jo heller ikkje bra. Dei ansvarlege bør gjere noko snarast, seier Skau.

Mange naboar uroa

Etter fleire medieoppslag i helga har mange av naboane til branntomta vore uroa.

— Mange har vore veldig bekymra. Eg har fått ein god del spørsmål frå folk i sameiget som lurer på kva som skjer, og om det kan vere helsefarleg å bu så nære branntomta, seier Guttorm Danielsen Kvamme. Han er styreleiar i sameiget som berre ligg nokre få meter frå Lehmkuhlboden. Kvamme er sjølv trygg på at det ikkje er farleg å bu der dei bur.

— Eg er av dei som ikkje er bekymra. Vi har fått forsikringar frå overlegen i helsevernetaten om at det ikkje er helsefarleg, og dei vurderinga festar eg lit til, seier han.

- Skal rydde opp

Ifølgje Ragn-Sells er det forsikringsselskapet til eigarane av Lehmkuhlboden som har ansvaret for å gjennomføre dei nødvendige analysane på branntomta. Informasjonsansvarleg for Gjensidige på Vestlandet, Arne Voll, var sjølv på branntomta fredag. Han lovar at alt som må gjerast på branntomta, skal bli gjort.

— Det er sjølvsagt i vår interesse at alt rundt brannen blir handtert på ein skikkeleg måte. Politiet har sperra av Lehmkuhlboden, og vi får ikkje gjort noko på staden før området er frigitt, seier Voll.

— Synst du de har handtert denne saka på ein god måte?

— Eg er trygg på at vi har gjort ein bra jobb, men det vil jo sjølvsagt alltid vere enkeltepisodar som kunne blitt handtert betre. Det er jo skummelt at det kan liggje asbest der. Eg kjende sjølv ein forferdeleg stank då eg var der.

BEKYMRA NABOAR: - Mange har vore veldig bekymra, seier Guttorm Danielsen Kvamme. Han er styreleiar i sameiget som ligg nokre få meter frå Lehmkuhlboden.
Odd Mehus