I helga var det Modalsdagari Modalen.

– Vi hadde og folk der inne. Det høyrer til jo vårt lensmannsdistrikt no, seier politioverbetjent Svein Fammestad i Nordhordland lensmannsdistrikt til bt.no.

Laurdagskvelden hadde nokon funne på å skjera opp to av dekka på politibilen.

– Det er trist at slikt hender. Bilen var ikkje køyrbar og vi måtte senda ein patruljebil frå Lindås til Modalen for å henta heim folka våre, seier Fammestad.

Det er om lag tre kvarters tur kvar veg med bil frå Lindås til Modalen.

Politibilen stod att i Modalen.