Politiet fekk melding om husbråk på Øvre Korskirkeallmenning klokka 15.30. I husværet låg 43-åringen skamslått og blodig. Ein 29 år gammal nabo vart pågripen av politiet på staden, mistenkt for å stå bak mishandlinga.

Ei stor, tung jarnstang skal ha vorte brukt som slagvåpen. Også ein 45 år gammal mann er mistenkt for å ha vore med og slått.

— Vi veit kven denne er, men har ennå ikkje fått tak i han, sa vaktsjef Osvald Nordvik i Bergen politidistrikt tysdag kveld.

Offeret vart frakta ut på båre og køyrd til Haukeland sjukehus. Han hadde fått slag både mot hovudet og resten av kroppen, men var vaken då han vart funnen.

Den pågripne og den skadde delte kjøkken i huset. Alle dei tre innblanda skal tilhøyre rusmiljøet i området rundt Korskirken. Det var i går uklart om den pågripne 29-åringen blir forsøkt varetektsfengsla onsdag.