Frå sjukesenga på Lærdal sjukehus fortel 82-åringen om det som skjedde, då han måndag blei overfallen i sitt eige hus i Gaupne sentrum.

Om føremiddagen hadde han vore ein tur på butikksenteret Pyramiden. Då han kom heim att kjende Julius seg trøytt. Han la seg ned for å ta ein lur. Då han vakna stod ein mann i stova.

Redd for livet

— Eg spurde kva han gjorde her. Med det same var han blid og hyggjeleg. Men då eg sa at eg ikkje kjende han, og ba han komme seg ut, forandra han seg fort, fortel Julius.

Då starta mannen å slå, og etter det hugsar ikkje Julius så mykje meir. Men han minnest at han frykta for livet.

— Då eg kom til meg sjølv, låg eg ute i gangen. Då var mannen vekke.

82-åringen var likevel såpass at han greidde å komme seg ut. I nabohuset der det er barnehage såg han ei kvinne, og ropte om hjelp. Kvinna var Susanne Heen.

Då ho kom bort til huset stod Julius bak porten, blodig og forslått. Frå barnehagen blei det ringt til politi og lege.

Sove dårleg

Julius Leirmo er tydeleg trøytt. Fleire gonger glir augene att. Det blei ikkje mykje søvn på sjukehuset i Lærdal natt til tysdag. Tankane kverna om det som hadde skjedd.

— Eg kan ikkje minnast å ha sett han før, seier Julius.

Men han har gitt politiet eit godt signalement av mannen som tok seg inn i huset. Han var utanlandsk og ganske mørk i huda. Ransmannen var middels høg og kledd i mørke klede. Kanskje ei skinnjakke.

— Og så hadde han dårlege tenner, minnest 82-åringen. - Han snakka mykje. Men eg forstod ikkje eit ord av det han sa.

I huset hadde Julius liggande ein stad mellom 32.000 og 33.000 kroner.

— Dei er sjølvsagt vekke no.

Noko så stygt

Ansiktet ser forferdeleg ut. Men det er ikkje der han har mest vondt.

— Det er i sida det er verst, fortel Julius.

Men det er kanskje ikkje dei fysiske skadene som er verst. Julius Leirmo har blitt skremd.

Han har klart seg sjølv heile livet. Men no er det slutt med det. Når han i dag blir skriven ut frå sjukehuset i Lærdal, vil han ikkje flytte heim att til huset han har budd i mesteparten av livet. I staden skal han bu hos ei niese.

— At folk kan vere så tvers gjennom stygge å gjere slikt. Det er ufatteleg, sukkar Julius.

REDD: Dei synlege skadene er kanskje ikkje det verste. Julius Leirmo har blitt redd. Han frykta for livet då han blei angripen i sin eigen heim.
Foto: Oddleiv Apneseth