• Arbeidarpartiet har sanneleg god råd som ikkje gjer bruk av Grete Knudsen. Ho har fått ein heilt ufortent hard medfart av sine eigne, seier Rita Tveiten.

Som medlem av forsvarskomiteen legg ho dessutan breisida til for å støtta Kristin Krohn Devold, sjølv om dei høyrer til ulike parti:

— Eg er verkeleg imponert over forsvarsministeren. Ho har hatt ein svært vrien jobb, og det er få andre som ville ha greidd seg betre, lyder den uventa attesten frå Ap-kvinna.

- Redd Grete Knudsen?

Etter elleve år på Stortinget seier osterøypolitikaren takk for seg i rikspolitikken. Det er litt av kvart ho har på hjarta i denne oppbrotsfasen. Rita Tveiten har aldri vore skvetten, og ho nøler ikkje med å gå mot straumen - eller vera «politisk ukorrekt», som det og heiter.

Med åra har ho t.d. fått eit heilt anna syn på Grete Knudsen. Dei har ikkje alltid vore perlevener, men «vi har snakka ut og kome vidare», som ho no ordlegg seg i samtale med Bergens Tidende.

— Det er da merkeleg at ein person som har stått så sentralt i Arbeidarpartiet, og som har eit så imponerande nettverk både i inn- og utland, ikkje vert brukt av partiet. Når eg t.d. er i Kina, møter eg støtt folk som spør etter tidlegare næringsminister Knudsen. Det er nesten vanvittig å tenkja på at ho har større innpass i andre parti enn i Ap. Når ho ikkje vert brukt, kan det kanskje skuldast at ein er redd for ein person som er så sterk som henne? reflekterer Rita Tveiten. Ho er ikkje mindre forundra over at heller ikkje Bengt Martin Olsen, Knudsens kompanjong og mangeårig bergensordførar, vert brukt av partiet.

Frøiland den gong og no

— Rolla Grete Knudsen spela i striden rundt Mjellem & Karlsen forklarar vel at ho er uglesett i delar av Arbeidarpartiet?

— Ho er sterkt identifisert med Seim-saka, det er rett nok. Men å leggja noko av skulda på henne for at skipsverftet gjekk konkurs, er så gale som det kan bli. Så mykje veit eg.

— Du og Knudsen har «snakka ut», seier du. Har du og Ranveig Frøiland gjort det same?

— Nei, eg har aldri fått til ein slik samtale. Før eg kom på Stortinget spurde ei lokalavis kven eg hadde lyst til å likna på. Eg nemnde at det måtte i så fall vera Ranveig Frøiland, ikkje minst fordi ho var så folkeleg.

Eg har andre førebilete i dag, svarar Tveiten.

- Dei same edderkoppane

— Det er eit beinhardt politisk miljø du har boltra deg i?

— Ikkje beinhardt, men tøft. Det er likevel ikkje Arbeidarpartiet som parti som er problemet. Det er tvert om eit fantastisk parti som eg har svært mykje å takka for. Derfor skal heller ingen greia å få meg ut av partiet. Eg held fram som medlem.

Men eg mislikar sterkt dei rufsete prosessane som eg har vore vitne til opp gjennom åra. Det er elles godt at slikt kjem fram i lyset.

— Dette må du forklara nærare!

— Det er personar i partiet som eg ikkje kunne tenkja meg å oppsøkja. Det er folk som likar seg best i lukka rom og som møtest i løynd for å klekkja ut strategiar rundt nominasjonar og val. Det er gjerne dei same frå år til år - dei same edderkoppane. Vi finn nokre av dei her i Hordaland, og dei gjer seg best i svart og kvitt.

Ros til Krohn Devold

— Kvifor har du fått så positivt inntrykk av forsvarsminister Kristin Krohn Devold?

— Eg forsvarar sjølvsagt ikkje dei store overskridingane i Forsvaret. Men eg trur ikkje at andre politikarar kunne ha meistra omstillingsprosessen betre enn henne. Vel, Kjell Opseth kan hende. Når ein skal vurdera politikarar og politisk innsats, må ein alltid sjå kva oppgåver dei skal løysa. Krohn Devold fortener ros, ja, eg er beint fram imponert over henne, seier Rita Tveiten som måtte stella med forsvarspolitikk då Leif Lund gjekk bort.

Vil selja sjøpølser

Ho seier at ho har lagt bak seg alt det vonde ho opplevde omkring nominasjonsstriden i fjor. No er blikket retta for fullt mot Kina, for ho er innstilt på å ta opp att arbeidet med å stimulera handelssamkvemet mellom Noreg og Kina.

— Eg er ikkje heilt bestemt på kva produkt eg vil satsa på. Men fiskeri og havbruk er ei hovudinteresse hos meg. Dessutan vil eg prøva meg på sjøpølser som er ein stor delikatesse i Kina. Medan kinesarane driv oppdrett av sjøpølser, veks dei fritt i store mengder hos oss. Men vi veit framleis for lite om sjøpølser, seier Tveiten som ikkje berre vil avgrensa seg til å handla med sjøprodukt. Ho har m.a. eit ønske om å vera døropnar for å kombinera godt norsk design med kinesiske handverkarar og produsentar.

— Kor flink er du blitt i kinesisk?

— Det er ingenting å skryta av. Men i Beijing og dei store byane er det ingen problem når ein snakkar engelsk, svarar ho.

NON GRATA: Rita Tveiten (51) finn det merkeleg at Arbeidarpartiet ikkje vil gjera meir bruk av tidlegare statsråd Grete Knudsen.