— Eg har sett kandidatar som har stroke 10-11 gonger. Det vert ei kostbar erfaring, ettersom det kostar 335 kroner kvar gong du tek prøva. Tenk berre på kva dei unge kunne ha brukt desse pengane på, seier inspektør Jarle Trettenes i Statens vegvesen, avdeling Bergen trafikkstasjon.

Gir blaffen i stryk

Tre av ti stryk på oppkøyringa for bil klasse B i Bergen. For teorien ser det verre ut. Hittil i år er det avlagt 6401 teoriprøvar ved Bergen trafikkstasjon. Heile 4068 av dei - eller 63 prosent - har resultert i stryk.

— Det er eit veldig høgt tal. Men det verkar som om kandidatane ikkje tek teorien alvorleg nok. Eg trur dei rett og slett gir blaffen. Få eller ingen brukar alle dei tilmålte 90 minuttane dei har til å fullføra oppgåvene, opplyser Trettenes.

Dette trass i at krava til kunnskap vart innskjerpa 16. januar i år. Då gjekk dei teoretiske fleirvalsprøvane over frå å ha fleire rette til å ha berre eitt korrekt svaralternativ. Dette gjorde at strykprosenten over natta spratt frå 46 prosent til 75 prosent.

— Tidlegare kunne du karra deg i mål ved å vera litt taktisk. Det går ikkje no. Anten kan du stoffet, eller så kan du det ikkje, seier Trettenes.

Null etterspurnad

Inspektøren prøver å gle seg over at strykprosenten trass alt ser ut til å vera ørlite på retur, men slår fast at det enno er langt fram.

— Eg håpar at fleire innser at dei ikkje har peiling, og at dei rett og slett må ta tak. Då må det puggast. Me spør ingen om kvar dei lærer seg teorien. Det viktigaste er at dei kan den, seier Jarle Trettenes.

Trafikkskulane i Bergen melder om laber interesse for teorikurs.

— Ettersom teorikurset ikkje lenger er obligatorisk, vel dei aller fleste å lesa på eiga hand. Og me ser korleis det går, seier Lisbeth Presttun ved Åsane trafikkskole på Nyborg.

Så langt i år har ho berre registrert ei handfull kandidatar på trafikkskulen sitt teoriopplegg.

— Etterspurnaden er lik null, fortel ho.

Strauk med eit smil

18-åringane Erik Strønen Søfteland og klas Robert Strønen var blant dei som tok teoriprøva ved Vegvesenets stasjon i Fyllingsdalen i går.

Ein bestod, den andre strauk, og ingen av dei har teorikurs eller lagt spesielt mykje arbeid eller prestisje i lesing og førebuingar.

— Eg var usikker, og ombestemte meg undervegs på mange av svaralternativa, seier Erik, som tok stryket med eit smil: Det er berre å prøve på nytt.

Kompis og nevø Klas Robert prøvde seg i går for andre gang, og denne gongen lukkast han.

— Eg las gjennom teoriboka i går kveld, og følte meg klar for prøva. Sist hadde eg ein feil for mykje, no stod eg akkurat med sju feil, fortel 18-åringen.

Arne Aase, fylkessekretær i Trygg Trafikk i Hordaland, tykkjer det er skremmande at så mange ikkje tek teorien meir alvorleg.

— Me snakkar om folk som skal ut på sjølvstyr i trafikken. Då treng du ein viss teoretisk og praktisk bakgrunn. Om ikkje kunnskapen er der, kan mange av desse bli til fare for seg sjølv og andre, understrekar Aase.

Sunde, Helge