Mannen låg og sov då to menn og to kvinner skal ha brote seg inn i bustadhuset, om lag tre kilometer utanfor Askvoll sentrum, natt til i dag.

Frå senga var det mannen sjølv som tok kontakt med politiets naudnummer. Han fekk aldri fullført samtalen.

– Inntrengjarane gjekk opp trappa til andre etasje, der soverommet er. Der gjekk dei til angrep på han i senga, og slo med eit slagvåpen mot hovudet og overkroppen hans, seier lensmann Oddvar Indrebø i Askvoll til VG Nett.

– Samtalen blei broten i basketaket, fortel lensmannen.

Hardt skadd klarte mannen å rømme huset, og leggje seg i skjul i terrenget. Der blei han liggjande til dei fire forlét staden, ifølgje politiet.

Huseigaren køyrde sjølv til Askvoll sentrum etter overfallet. Mannen blei frakta vidare til sjukehuset i Førde med slagskadar.

Han skal ikkje ha kjent dei fire personane frå tidlegare. Dei fire skal alle vere frå distriktet.

Politiet avhøyrde i går kveld den skadde huseigaren. Dei fire sikta i saka skal i avhøyr mandag, opplyser politiadvokat Knut Broberg ved Sogn og Fjordane politidistrikt.

– Vi vil i morgon ettermiddag ta stilling til om dei fire skal framstillast for varetektsfengsling, seier politiadvokaten.

Kripos kjem i dag til Askvoll for å bistå i etterforskinga av det brutale overfallet.

Sentralsjukehuset i Førde opplysar mandag at mannen er lettare skadd.

ARNE HÅBERG