Dramatikken skjedde då den rusa 25-åringen skapte kvalme utanfor ein restaurant på Bømlo julehelga i 2000. No har Sunnhordland tingrett dømt mannen til 90 dagars fengsel utan vilkår.

Mannen blei nekta å koma inn grunna tidlegare misferd på utestaden. Han hemna seg ved å slå til dørvakta og ta kvelartak på ein annan mann. Då politiet kom til, skalla han brått mot andletet til lensmannsbetjenten. Polititenestemannen greidde å vri seg unna slik at springskallen traff kragebeinet.

På veg mot arresten kom 25-åringen med grove skjellsord mot lensmannen og lensmannsbetjenten. Han hevdar óg at politiet braut foten hans idet han blei plassert i varerommet i politiets stasjonsvogn. Tingretten meiner at beinbrotet må ha skjedd då lensmannsbetjenten la 25-åringen i bakken etter skalleåtaket.

25-åringen si aggressive framferd kom også til uttrykk året før då han slengte ei palle mot inngongsdøra til legesenteret på Bremnes slik at ei rute blei knust. I retten forklarte mannen handlinga med at legen hadde nekta han dei medisinane han ønskte etter å ha fått sydd ein handskade.