Mannen er i Voss tingrett frådømt retten til å ha samkvem med sambuaren i eitt år. Forbodet gjeld i gjennomføringstida for 415 timar samfunnsstraff for ei endelaus rekke av valdsepisodar, trugsmål, skadeverk og regelrett plaging.

Likevel utelukkar ikkje sambuaren at dei ein gong vil flytta saman att.

Skåldinga er den mest uforståelege episoden. Paret sat i sofaen og såg på tv. Mannen laga seg ein kopp te. Resten av innhaldet i ein to liters vatnkokar helte han heilt uprovosert over halsen og skuldra til sambuaren, slik at det rann nedover kroppen. Han angra straks, og fekk henne raskt under kald dusj for å lindra smertene. Deretter til sjukehuset på Voss, som seinare overførde henne til brannskadeavdelinga på Haukeland. Likevel fekk ho 2. grads forbrenning med total skade på 14 prosent av kroppsoverflata. Synlege arr er pårekneleg.

Ved dette høvet var mannen korkje sint eller irritert. Det var elles den vanlege grunnen til valdsutbrot. Slag og spark var mest vanleg, men tiltalevedtaket fortel også om bit i nasen, om oppvaskkost, telefon og lysestake som bli kasta. Ho er truga på livet dersom ho reiser frå han. Ein gong truga han med å setta fyr på huset til foreldra hennar.

Svigermora såg han på som ein pest og ei plage fordi ho stadig masa om at dottera måtte flytta heim. Eit slag i andletet enda med tre brotskadar og operasjon på Haukeland. Alvorleg var det også då han med vilje køyrde på bilen som svigermora og sambuaren hennar sat i. Først køyrde han etter dei i 6-7 kilometer. Då dei stogga, køyrde han to gonger rett inn i bilen deira. Då han tok fart for tredje gong, svinga han brått unna og køyrde vekk. Bilen vart skadd for over 50.000 kroner. Dei to inni var livredde.

Den mest originale plaginga var likevel å tinga ein spaserstokk og ei hagelanterne i svigermora sitt namn. Ho fekk bryet med å returnera varene. Retten dømde han til å erstatta returportoen med 105 kroner.

Han vart også dømt til å betala vel 30.000 kroner i erstatning og oppreising til sambuaren. Ein del av erstatninga gjeld inntektstap, fordi han tidvis nekta henne å forlata huset.