Du har kanskje flytta til Bergen og reagerer på desse språkdraga, eller du er innfødd og tenkjer ikkje over at det kan heite noko anna. Kanskje du er lærar og ergrar deg over at desse dialektformene også kjem inn i skriftspråket til elevane.

Slapp av.

Endringane som skjer i språket vårt i dag, er ikkje dramatiske i historisk samanheng. I gammalnorsk tid, frå ca. 1030 og fram til 1350, var det for eksempel vanleg med fire kasus — som i tysk. Substantivet hest hadde i eintal former som hestr , hests , hesti og hest . I dag bruker vi berre den eine, nemleg hest . I dag er det heller ingen som seier at dei flo skinnet. Vi seier flådde . Men før vart dette verbet bøygt sterkt som slo , og det er mest berre små barn som i dag seier slådde.

«Sjære publikum». Då er det like før du høyrer motorsaga.

Sj-lyd for kj-lyd vart oppdaga blant ungdom i Bergen på slutten av 1970-talet. I starten vart dette gjerne sett på som eit barne- og ungdomsfenomen, men i dag er uttalen vanleg og dominerer både blant unge og vaksne i heile Bergen.

Får ikkje til lyden

Så korleis skjer slike endringar?

Dei fleste talemålsforskarar er samde om at språkendringar skuldast eit samspel mellom fleire faktorar. Kanskje får ikkje barna til å seie alle dei same lydane når dei lærer språket? Det er til dømes mange eksempel på at barna har ein annan r-uttale enn foreldra. Det kan også vere at barnet gjer forenklingar som det dreg med seg oppover i vaksen alder, slik at meir kompliserte språkdrag og nyansar blir vekke. Det at nyansane mellom kj-lyden og sj-lyden blir viska ut og vi berre får ein felles lyd, kan vere eit døme på ei forenkling av lydsystemet.

Forenklingar av språket på eitt nivå kan likevel føre til komplisering på eit anna nivå. Når kino blir uttala sjino , kan orda isolert sett forvekslast med ski no . Likevel vil samanhengen orda står i stort sett hjelpe oss til å få fram den rette tydinga.

Ufrivillig komisk blir det når du sit på ei teaterframsyning og nokon plutseleg seier over høgtalaranlegget: «Sjære publikum». Då er det like før du høyrer motorsaga.

Andre endringar er at verb som før vart bøygt svakt, no er eit sterkt verb. Som for eksempel å miste som får bøyingsformene miste - mast - muste på same måte som finne - fann - funne og ikkje miste - mistet - mistet. Fenomenet er ikkje eineståande på Vestlandet. Frå Austlandet kjenner vi det frå forma brøy som i setninga Per brydde seg om Lise er blitt til Per brøy seg om Lise .

Årsakene til desse språkendringane ligg i språksystemet og menneskenaturen, men dei kan ikkje forklare at dei skjer akkurat på det tidspunktet dei gjer. Til det treng vi hjelp frå sosiale faktorar og språkkontakt.

Mykje flytting

Sosiale tilhøve som ulik alder, sosiale klassar, kjønn, utdanningsnivå og foreldrebakgrunn fungerer i beste fall berre som indirekte årsaker. Dei beskriv ein situasjon og seier ikkje noko om kvifor det er slik. Viss det for eksempel viser seg at jenter oftare bruker sj-lydar enn gutar, er det ikkje kjønn i seg sjølv som forklarer dette.

Dei direkte årsakene til at språket endrar seg, må difor primært liggja i språkkontakt. Korleis denne kontakten ser ut i ulike samfunn til ulike tider, vil variere og vere spesifikke for kvart enkelt språksamfunn. I samfunn som har mykje inn- eller utflytting, vil det naturleg nok lettare oppstå språkendringar enn i svært isolerte og stabile samfunn.

Så kva skjer når folk med ulike dialektar møtest?

30-prosentregelen

Viktige faktorar er å sjå på kvar innflyttarane kjem frå, og kor stor del av folkesetnaden dei utgjer. Det viser seg ofte at dersom tilflyttarane utgjer rundt 30 prosent av folkesetnaden, byrjar det å skje noko med opphavsspråket.

I tillegg til å studere kva språk som dominerer, er det interessant å finne ut kven som tilpassar seg kven. Ein annan innfallsvinkel er å finne ut kor mange menneske med ulike dialektar barn og vaksne ofte har kontakt med, og kva relasjon dei har til desse personane. Då er vi inne på kommunikasjonsmønster og dei sosiale nettverka dei ulike språkbrukarane har.

Det som kanskje begynte som eit kult ungdomsfenomen, har fått godt rotfeste gjennom sosial kontakt.

Den britiske sosiolingvisten Lesley Milroy hevdar at det å ha lause nettverk med mange personar, ofte er ein indikator på språkendringar. I motsett fall vil det skje færre endringar dersom du har tette nettverk med få personar.

Ein i gruppa

Ditt eige medvitsnivå om språket og kven du føler du representerer, er også ytre faktorar som kan verke inn. Då er vi inne på psykologiske forklaringar som kan vere knytte til haldningar og identitet. Kven vil barnet vere mest lik? Kva rolle spelar jamaldringsgruppa, og korleis ser dei på dei ulike måtane å snakke på?

Viss det er viktig å synleggjere at ein er del av ei gruppe, kan språket fungere som ein viktig identitetsmarkør. Når sj-uttalen som oppstod blant unge i Bergen for om lag 40 år sidan også finst blant vaksne i dag, er ikkje svaret at det berre har skjedd fordi det er enklare å uttale. Det må vere utanomspråklege årsaker til at folk føretrekkjer denne uttalen framfor kj-uttalen . Det som kanskje begynte som eit kult ungdomsfenomen, har fått godt rotfeste gjennom sosial kontakt.

Meir eg og ikkje i Bergen

I Bergen vart det i perioden 1978/79 gjort opptak av talemålet hos unge i ulike bydelar. Resultata av prosjektet Talemål hos ungdom i Bergen (TUB) viste den gongen at «penbergenske» former som jei, mei, dei og ikke var mest utbreidde i Fana sentrum (Nesttun-området) og i Bergen sentrum.

Det nye materialet frå 2011/2012 viser at bydelane Bergen sentrum og Fana (Nesttun-området) skil lag. Medan dei «gatebergenske» formene som eg, meg, deg og ikkje har auka på i Bergen sentrum, brukar folk i Fana sentrum dei «penbergenske» formene i endå større grad no enn for vel 30 år sidan.

Ny stad - ny dialekt

Det er vanleg at barn som flyttar til ein stad, går over til dialekten på den nye staden medan vaksne held betre på talemålet sitt. Alle som lærer eit språk, må ha språklege modellar. Barn lærer vanlegvis å snakke eit språk eller ein dialekt når dei har kontakt med vaksne. Viss begge foreldra snakkar den lokale dialekten, og barnet også høyrer den i lokalsamfunnet sitt, vil barnet mest truleg få den same dialekten.

Barn som veks opp i Bergen med foreldre som snakkar ein annan dialekt, vil sannsynlegvis snakke bergensk. Årsaka er at barnet vil oppfatte at foreldra er avvikarar i lokalsamfunnet og bruker heller venner og andre vaksne som rollemodellar. Det kan høyrast sjølvsagt ut, men vi ser av og til at barn får eit heilt anna språk enn det som særkjenner vaksenspråket på staden.

Talemålet vil halde fram med å endre seg så lenge det finst kontakt mellom folk. Difor må du i Bergen i dag berre leve med å gå på sjino, og at du mast lommeboka. Utfallet kan vere spennande, og neste gong kan det vere noko heilt anna som skjer.

MEIR GATEBERGENSK: Medan dei «gatebergenske» formene som eg, meg, deg og ikkje har auka på i Bergen sentrum, brukar folk i Fana sentrum dei «penbergenske» formene i endå større grad no enn for vel 30 år sidan.
John Christian Nygaard