Alarmen har gått i det norske forskarmiljøet på fisk etter at to undersøkingar om kor mykje småfisk av laks og sjøaure som vandrar ut frå Aurlandselvi, syner fundamentalt forskjellig resultat. Begge undersøkingane blei gjort i fjor.

50 gonger meir

I sommar blir det difor køyrt eit stort fullskala forskingsprosjekt i Daleelva i Vaksdal. Her skal ekspertisen søkje og finne ut om metodane som er brukte i forskinga siste åra, held mål.

— Vi ser at det er nødvendig at det blir tatt tak i det som har skjedd i Aurland. Det blir no gjort gjennom eit kontrollert forsøk i Daleelva, seier Roy Langåker i Direktoratet for Naturforvaltning (DN).

Bergens Tidende kunne i går fortelje om dei to granskingane av laks- og sjøaurebestanden som er gjort i Aurlandselvi i Indre Sogn. Selskapet Rådgivende Biologer har brukt tradisjonelle metodar med merking og gjenfangst. Basert på dette har dei overslag over kor mykje utvandringsklar småfisk (smolt) det er i elva. Deira konklusjon er at det i 2006 var 23.993 smolt av laksefisk og 29.931 av sjøaure.

Norsk Naturovervåking har brukt andre metodar. Dei har overvaka eit område nær elveosen i heile si breidde med åtte undervasskamera. Videobileta viser at det passerte 1231 småfiskar. 881 av desse var sjøaurar, resten, 350, var laksar.

Rådgivende Biologer finn altså at det er 50 gonger meir småfisk i Aurlandselvi enn dei som overvaka elva med videokamera. Når Norsk Naturovervåking korrigerer for grumsete vatn og andre forhold som ha gjort at fisk har snike seg forbi utan å bli oppdaga, konkluderer dei med at tidlegare granskingar har operert med eit småfisktal som er minst ti gonger for høgt.

Testar metodane

Dei to partane står steilt mot kvarandre. Norsk Naturovervåking meiner dei har hatt full kontroll, og at kamera har fanga opp småfisken som har vandra ut. Rådgivende Biologer meiner tala konkurrenten har kome fram til, er så usannsynleg små at dei vil sjå heilt vekk frå dei.

— Vi vil ikkje spekulere i kva metode som er best. Vi ønskjer å ha så gode data som råd. Difor ønskjer vi no å teste både metoden med videoregistrering og meir tradisjonelle måtar å skaffe seg oversyn over fiskemengde, seier Langåker.

Det var styringsgruppa for elva som for nokre år sidan tok initiativ til videoovervakinga.

Norsk Institutt for Naturforskning (NINA) og Universitetet i Bergen skal køyre forsøket. Daleelva skal overvakast med videokamera på same måte som det blei gjort i Aurland. Vidare skal det lagast overslag over fiskemengda etter same prinsipp som Rådgivende Biologer har gjort i Aurland sidan 2001. For å få heilt sikre tal er det sett opp ei felle som skal fange all småfisken som vandrar ut. Slik håpar Direktoratet å få eit eksakt svar på mengda, og sjå kva metode som fungerer best.

— Viser det seg at nye feilkjelder blir avdekte, må metodane forbetrast eller bli gått vekk frå, seier Langåker.

Dersom Norsk Naturovervåking har rett med sine oppsiktsvekkjande tal, kan det som skjer i elvane ha større betydning for den negative utviklinga for laks og sjøaure enn tidlegare rekna med.

LAKSEVANDRING: To undersøkingar om kor mykje småfisk av laks og sjøaure som vandrar ut frå Aurlandselvi, syner fundamentalt forskjellig resultat. Dei fire bileta viser fiskebruer ved Vassbygdivatnet (oppe til venstre). Oppe til høgre ser vi eit kunstig laksehøl. Nede til venstre kunstig tillaga roleg strekk for yngel, og nede til høgre viser ei mislykka laksetrapp ved Vassbygdivatnet.
apneseth oddleiv