— Pasientar som er ustabile og utagerande er ei utfordring for sjukehuset, seier personal- og organisasjonsdirektør Trond Søreide i Helse Bergen.

For å gjere noko med dette har dei sett i gang eit nytt prosjekt, der dagens vektarar får støtte frå ei spesialgruppe vakter med helsefagleg utdanning.

— Vektarane våre har òg andre oppgåver, som å dirigere helikopter som landar på Haukeland og følgje opp alarmar. Dei får for mykje å gjere når dei òg må ta utagerande pasientar, seier Tone Hepsøe, som leiar prosjektet.

Erfarne vakter

Vaktlaget vart etablert i mai og tel no seks personar, tre kvinner og tre menn. Alle har jobba i psykiatrien med utagerande pasientar.

Merete Misje kom til jobben frå heimesjukepleien, men har tatt vidareutdanning i psykiatrisk hjelpepleie. Ho ser ikkje spesielt stor og sterk ut, men er likevel ikkje redd for å handtere pasientar som slår seg vrang.

— Her har dei veldig gode rutinar, så eg føler meg trygg fordi eg har 100 prosent backup, seier ho, med referanse til psykiatrisk klinikk (tidlegare Sandviken sjukehus) der vi sit.

- Har du byrja å løfte vekter?

— Nei, men eg har gått på kurs her ute, der vi har lært å ta hand om pasientane utan å skade dei, seier ho.

- Ikkje livvakter

Dei seks skal byte på å gå helgevakter på akuttmottaket på Haukeland, i tillegg til vakter innan psykiatri og rusomsorg, mellom anna på Sandviken og Tertnes.

Alle er heiltidstilsette, men blir flytta rundt i Helse Bergens mange institusjonar etter kvart som dei trengst. Ifølgje Hepsøe har dei allereie rukke å bli etterspurt.

Ein av dei etterspurte er Trond Fauske, som kom hit etter mange år på ein barnevernsinstitusjon i Evanger.

— Eg snakka nyleg med dei på (rusmedisinsk post på, red.anm.) Tertnes. Dei fortalde om ein situasjon der dei var sikre på at ville ende med at pasienten vart utagerande, men der du fekk roa han ned, seier ho, og ser på Fauske.

— Halve vitsen med dette er at vi skal dempe og roe situasjonar som kan oppstå. Pasientane skal òg føle seg trygge. Vi er ikkje livvakter, men omsorgspersonar, slik eg ser det, seier Fauske.

Blir fleire

For Helse Bergen fører ikkje spesialgruppa til auka lønsutgifter, fordi dei erstattar vektarar og ringjevikarar. Prosjektet er eit samarbeid med Helse Vest og Fagforbundet, og har fått støtte frå Arbeidsdepartementet og Nav for å redusere bruken av deltidsstillingar.

Men når stillingane vart lyst ut internt fekk Helse Bergen paradoksalt nok berre ein kvalifisert søkjar med deltidsbakgrunn. Resten er rekruttert utanfrå, og alle dei kom frå heiltidsstillingar.

Fordi dei seks har helsefagleg utdanningar sit dei ikkje med hendene i fanget når det ikkje er utagerande pasientar å ta seg av.

— Då tek dei andre oppgåver som avlastar helsepersonellet elles, seier prosjektleiar Hepsøe.

Prosjektet varer ut året, og gruppa blir utvida med fem til seks helsearbeidarar. I alle fall dersom erfaringane viser seg å vere gode etter ordninga blir evaluert til hausten.