To hundre og fire kilometer med symjetak i kaldt og nesten saltfritt fjordvatn. Den ultimate symjeturen. Det er tale om lengste symjeturen i verda i såpass kaldt vatn.

London-advokaten sumde over Den engelske kanalen i 1992, og har sidan plassert ei rekke bragder på cv'en. Det han no gir seg i kast med, Sognefjorden frå Skjolden inst i Lustrafjorden til Eivindvik i Gulen, svarar til halvvegs over Kanalen kvar dag i fjorten dagar.

Låg temperatur

— Den enorme lengda er berre eitt av tre element i utfordringa. I tillegg kjem den låge temperaturen og det låge saltinnhaldet, understrekar Pugh overfor Bergens Tidende.

Du flyt som kjent lettare i saltvatn enn i ferskvatn. I Skjolden strøymer store mengder kaldt ferskvatn ut i Lustrafjorden. I går var temperaturen i sjøen under 10 varmegrader, og vatnet smaka, etter Pugh si vurdering, ikkje salt i det heile. Han har prøvesmakt fjordvatn langs heile ruta, og seier at han må symja heilt til Balestrand før han merkar saltsmaken i overflata. Først ute ved Lavik når han i «skikkeleg» sjøvatn.

Også temperaturen vil stiga etter kvart som han nærmar seg Nordsjøen, men han fryktar at han ikkje kjem nemnande over 15 grader.

Blodslit

Komande måndag er han i gang med blodslitet, kampen mot kulda og for å halda skjelvingar i sjakk.

Etter planen skal Skjolden vera utgangspunktet, men det er visse sjansar for at han også skal symja delar av elva i Jostedalen. Dette han samanheng med ein dokumentarfilm, frå bre til hav, som skal lagast for National Geographic.

BRRRRR! Lewis Gordon Pugh testar det kalde fjordvatnet ved Skjolden i Luster. Resten av veka er det symjetrening og kuldetilvenning i Flåm, og førebuing til maratonsymjinga frå komande måndag.<br/> KNUT STRAND